Her er litt tankar om korleis de både barn og vaksne kan forholde dykk til ein ny kvardag. Det kan vere du blir redd eller at det er ting du vil snakke med vaksne om.

 

hjerte

På torsdag bestemte statsministeren at alle skular i heile Norge skal stenge i to veker. Heldigvis har dei fleste nokon heime som kan vere saman med deg sjølv om skulen held stengt.

Lærarane på trinnet ditt jobbar med å finne  gode oppgåver som du kan jobbe med heime, og kanskje kan du bli kjend med nokon nye verktøy for kommunikasjon! Det er viktig at ein vaksen heime seier frå til kontaktlæraren din viss du ikkje kan jobbe med faga etter planen.

Nokon tenker kanskje på vurderingar, karakterar og eksamen også. Det vi veit er at dei som bestemmer, Utdanningsdirektoratet, nå tenker at alle 10. trinnselevar skal få vitnemål før sommaren. Det som gjeld eksamen i år vil dei komme tilbake til. Dette kan du lese meir om her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

Kva kan barn og ungdommar gjere?

Det er dei vaksne som har ansvaret for å jobbe med sjukdommar. Det er på sjukehus at dei som blir alvorleg sjuke blir tatt vare på, og derfor treng ikkje du å bekymre deg. Om mora eller faren din jobbar på sjukehus eller i helsevesenet, så skal du vite at dei er godt forberedt om dei skal behandle nokon sjuke der dei jobbar. Dei som arbeider der vil vere nøye med å beskytte seg. Det kan også hende at foreldra dine må arbeide sjølv om dei ikkje jobbar på sjukehus. Men, nå er du saman med mange vaksne med på å gjere noko for at ikkje viruset skal spreie seg til andre. At du ikkje går på skulen eller går på trening er med på å hindre at fleire blir sjuke.

Desse tinga kan du også gjere:

  • Ta digital kontakt med venner og klassekamerater, ver kreativ og lag digitale "storefri".
  • Du skal passe på så du ikkje spreier rykter, at du fortel ting som ikkje er sant eller deler noko frå nettet som du ikkje veit er sant.
  • Vis omsorg for dine nærmaste.
  • Bruk ledig tid når du er heime som før og gjer hyggelege ting.
  • Snakk med vaksne og be dei å forklare deg kva som skjer og kva som er nytt, om du tenker på sjukdommen. Ei fast ‘snakketid’ kvar dag kan vere bra.

Alarmtelefonen for barn og unge – 116 111 har nå ope alle dager heile døgnet. Du kan også sende SMS til tlf: 41716111 eller epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Vi veit at barn og unge som frå før har mange bekymringar, kan oppleve auka behov for å bli sett og høyrt når kvardagen blir endra.

Tipsa over er blant annet henta frå denne artikkelen: https://krisepsykologi.no/hva-kan-vi-se-til-barn-om-coronavirus/#samtale-med-barn.

Viss du synest ting er vanskelege eller du lurer på noko, så snakk med dei vaksne heime!  Viss det er vanskeleg, så kan du ta kontakt med kontaktlæraren din eller andre på skulen:

Inspektør/sosiallærar Anita Vikse Westerlund Telefon: 97500052

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

YOU- og sosialrådgivar Judith Bakkevig Håland Telefon:  99717673

epost:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Rektor Geir Dybdahl Telefon: 91841432

epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Foreldresupport

Foreldresupport er en døgnåpen telefon- og chattetjeneste for foreldre og andre omsorgspersoner som trenger hjelp, veiledning eller har behov for å lufte tankene sine med noen. Ring 116 123 (tast 2)
https://mentalhelse.no/fa-hjelp/foreldresupport 

Psykisk helseteam Barn og unge i Tysvær kommune

Har du spørsmål og behov samtale? Ta kontakt på telefon, mandag, tirsdag, torsdag, fredag kl. 09.00– 14.00

  • Ingebjørg Stokka:48236939
  • Audhild D. Frøyland: 90557986
  • Skolehelsetjenesten: Irene H. Vestvik: 91782708

Barneverntjenesten i Tysvær kommune

Barnevernet i Tysvær er alltid åpent både på dagtid, ettermiddag og kveld
Telefon: 52757030 (dagtid)
Barnevernvakt: 90170591 (etter kl. 15.30)

Vold og overgrepslinjen (VO-linjen)

En hjelpelinje for deg som opplever vold eller overgrep i nære relasjoner:
Telefonnummer: 116 006
https://www.volinjen.no/