Måndag 17. august 2020 startar nytt skuleår kl. 08.30. Me gler oss!

Alle elevane er på skulen full skuledag, med unnatak av 1. klasse. Dei har med foreldre/føresette, og sluttar kl. 11.00.

I år er skuldedagen for 1. - 4. klasse måndag, onsdag, fredag til 12.30 og  tysdag, torsdag til 14.30. 

5. - 7. klasse slutter 12.30 onsdag og fredag. Dei andre dagane er til 14.30.

4. - 7. klasse har tilbod om leksehjelp fredag 12.30 - 14.30.

Ungdomsskulen slutter 12.30 på onsdagane og er til 14.30 dei andre dagane.

For tre år sidan blei det innført nye reglar som gjeld elevane sitt skulemiljø. I regelverket er det stilt tydelege krav til skulane om å informere elevane og foreldra om rettane i kapittel 9A. Skulane skal også informere om aktivitetsplikta, og om at saka kan meldast til Fylkesmannen. Me ønsker sjølvsagt ikkje at saker skal enda hjå Fylkesmannen, men at me saman finn løysningar som er til det beste for borna.

Du finn meir om elevane sitt skulemiljø på Fylkesmannen si nettside.: Fylkesmannen i Rogaland og på heimesida vår under Trygt skulemiljø;  https://www.tysver.kommune.no/tysvaervag-barne-og-ungdomsskule/trygt-skulemiljo/trygt-skulemiljo

Skuleruta  er lagt ut på heimesida https://www.tysver.kommune.no/tysvaervag-barne-og-ungdomsskule/skulerute-tbu/skuleruta-tbu-ny

Håper elevane er klar til å starte opp att. Me er klar til å ta i mot dei:)

Kva for tiltak som blir naudsynte i samband med Corona er for tidleg å sei noko om, men me vil sjølvsagt følgje dei råda som kjem.

Korleis det blir med skuleskyss for dei utan rett, kjem me attende til.

I samband med dette nyttar eg høve til å minne om at det er kjempeviktig i eit folkehelseperspektiv at ungane syklar eller går til og frå skulen når det let seg gjere.

Me ser fram til samarbeidet med dykk og er sikre på at me saman skal ruste elevane for framtida. Ei framtid i rask endring som det er spanande å trø inn i, saman med ungane dykkar.

På vegne av personalet ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule.

Geir Dybdahl, rektor