Måndag 19. august er det oppstart av nytt skuleår kl. 08.30. Me gler oss! Alle elevane er på skulen full skuledag, med unnatak av 1. klasse. Dei har med foreldre/føresette, og sluttar kl. 11.00.

I år er skuldedagen for 1. - 4. klasse måndag, onsdag, fredag til 12.30 og  tysdag, torsdag til 14.30. 

5. - 7. klasse slutter 12.30 onsdag og fredag. Dei andre dagane er til 14.30.

4. - 7. klasse har tilbod om leksehjelp fredag 12.30 - 14.30.

Ungdomsskulen slutter 12.30 på onsdagane og er til 14.30 dei andre dagane.

For to år sidan blei det innført nye reglar som gjeld elevane sitt skulemiljø. I regelverket er det stilt tydelege krav til skulane om å informere elevane og foreldra om rettane i kapittel 9A. Skulane skal også informere om aktivitetsplikta, og om at saka kan meldast til Fylkesmannen. Me ønsker sjølvsagt ikkje at saker skal enda hjå Fylkesmannen, men at me saman finn løysningar som er til det beste for borna.

Du finn meir om elevane sitt skulemiljø på Fylkesmannen si nettside.: Fylkesmannen i Rogaland og på heimesida vår under Trygt skulemiljø; https://www.tysver.kommune.no/tysvaervag-barne-og-ungdomsskule/trygt-skulemiljo/trygt-skulemiljo

Skuleruta  skal leggast ut på heimesida, men inntil det blir ordna finn du den her. https://www.tysver.kommune.no/skule-og-utdanning/skuleruta/skuleruta

Håper elevane er klar til å starte opp att. Me er klar til å ta i mot dei:)

Dette skuleåret skal mange lærarar på skulen, saman med lærarar frå Straumen og Stangeland vere med på ei videreutdanning i Fysisk aktiv læring. Det ser me fram til. Målet med utdanninga er å bli flinkare til å knyte læringa til fysiske aktivitetar. Vere meir i aktivitet og bidra til at elevar kan få meir aktiv, praktisk retta og variert undervisning. Til å hjelpe oss med dette har me inngått eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Sefal. Du kan lese meir her; https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/samarbeid/sefalutlysing.pdf.

I samand med dette nyttar eg høve til å minne om at det er kjempeviktig i eit folkehelseperspektiv at ungane sykler eller går til og frå skulen når det let seg gjere.

Me ser fram til samarbeidet med dykk og er sikre på at me saman skal ruste elevane for framtida. Ei framtid i rask endring som det er spanande å trø inn i, saman med ungane dykkar.

På vegne av personalet på Tysværvåg barne- og ungdomsskule.

Geir Dybdahl, rektor