Torsdag 16. august er det oppstart av nytt skuleår. Me gler oss! Alle elevane er på skulen frå kl. 08.30 - 14.30, med unnatak av 1. klasse. Dei har med foreldre/føresette, og sluttar kl. 11.00.

For eitt år sidan blei det innført nye reglar som gjeld elevane sitt skulemiljø. I regelverket er det stilt tydelege krav til skulane om å informere elevane og foreldra om rettane i kapittel 9A. Skulane skal også informere om aktivitetsplikta, og om at saka kan meldast til Fylkesmannen. Me ønsker sjølvsagt ikkje at saker skal enda hjå Fylkesmannen, men at me saman finn løysningar som er til det beste for borna.

Du finn meir om elevane sitt skulemiljø på Fylkesmannen si nettside.: Fylkesmannen i Rogaland

Me trur september blir ein spanande månad for elevane. Då skal me arbeide med "Jorda" som tema i fleire fag og avslutta med foreldrekveld 3. oktober.

Etter tidenes sommar håper me elevane er klar til å starte opp att. Me er klar til å ta i mot dei:)

Me ser fram til samarbeidet med dykk og er sikre på at me saman skal ruste elevane for framtida. Ei framtid i rask endring som det er spanande å trø inn i, saman med ungane dykkar.

På vegne av personalet på Tysværvåg barne- og ungdomsskule.

 

Geir Dybdahl, rektor