Velkomen til skulestart

Kjære 1. klasse-elevar.

No er det berre nokre få dagar igjen til skulestart.

Alle har høyrt om korona, eit virus som smittar kjempelett, men som heldigvis ikkje er så farleg for born, men born kan og spreie viruset. Difor må me vere litt varsame på skulen som elles i samfunnet. Me må vaske hendene, halde litt avstand og vere heime om me er sjuke.

Vivian som er kontaktlærar for dykk, skal saman med dei andre lærarane syte for at de har det trygt og godt på skulen.

Fyrste skuledag vil vaksne vere med dykk til skulen. Det kan vere mamma og/eller pappa, eller ein annan som de er trygge på. På grunn av korona kan ikkje dei vaksne vere med inn i klasserommet, men dei vil vere rett utanfor. Dei vil få kaffi og prate saman, medan de er inne med Vivian.

Me trur det er greiast om de kjem litt etter dei andre elevane, klokka ni, så har dei andre gått inn og skuleplassen er berre dykkar. Me møtest bak der klasserommet dykkar er. Eg som heiter Geir, og er rektor, vil ta i mot dykk saman med Vivian og fleire andre vaksne. Fyrste skuledag er slutt klokka 11, og de får vere med dei vaksne heim. Eg er heilt sikker på at dette kjem til å gå superbra.

Eg kan fortelje ein løyndom til slutt. Me er like spente som de er, og me gleder oss til å møta dykk alle på måndag kl. 9.00.

Venleg helsing 

Geir og Vivian