Denne veka har me førebudd opning av skulen for dei yngste og me gler oss til måndag😊

Kvardagen for desse vil likna på den dei hugsa frå før me starta med heimeskule, sjølv om ikkje alt er som før heilt enno. Me må fortsatt halde avstand, sjølv om me skal vere saman.

I dag har alle dei vaksne som skal vere på skulen neste veke fått grundig opplæring i korleis me skal møte elevane best mogleg budde på den nye kvardagen.

I morgon skal alle vaksne vere i klasseromma og førebu skuleopning på måndag.

Plakaten som ligg ved som bilete er ein kortversjon av det me har jobba med.

Det blir vanlege start- og sluttider på skule- og SFO-tilbodet, men innhaldet og korleis dagen vert organisert vil vere annleis enn det dei er vane med.

Det beste er om elevane kjem til skulen så nært opp mot kl. 08.30 som mogleg.

Ein blir råda om at ein helst ikkje skal ta buss eller fellestransport, men at ein går eller føresette leverer og hentar. Er ein på skulen før det ringjer inn om morgonen så har kvar klasse sitt område å vere i.

1. og 2. trinn møter på baksida av skulen der dei er til vanleg. 3. trinn møter ved sitjehaugen og kunstgrasbana. 4. trinn møter ved Sørhuset. Vaksne, som dei kjenner, vil vere ute og hjelpe til.


Det første ein gjer når ein skal inn på skulen er å gjere hendene reine. Det vil bli mykje handvask i løpet av dagen. Me må vere nøye med reinhald og hygiene. Fint om ein øver på dette før ein kjem. Me skal halde oss saman med dei i same klasse.

Klassane kjem til å ha friminutt på ulike tider og halde seg på kvart sitt område. Elevane vil ha sin faste pult. Pultane vil stå ein og ein, fordi me må vere flinke til å halde avstand frå kvarandre. Det gjeld også ute. Det vil bli mykje utetid. Både i skulen, i friminutta og SFO. Ha klede etter véret.

Føler ein seg litt sjuk, må ein ikkje komme på skulen. Og blir ein sjuk må ein vere heime minst ein dag etter at ein er blitt symptomfri. Alt dette blir litt annleis enn før, men me skal få dette til – saman.

 
Det blir ikkje lekser første veka. Lærarane vil elles gi meir praktisk info etter kvart.

Til dykk med elevar på 5.-10.trinn

Heimeundervisninga vil fortsetje med det same tilbodet som me har hatt sidan 13. mars. Det er kjekt å høyre, og ikkje minst sjå, at det fortsatt går fint. Eg kosar meg med mange flotte bilete og rapportar frå heimane om kreative elever som løyser ulike oppgåver😊

Me håper sjølvsagt at det ikkje går for lang tid før me ser alle på skulen. Så me gler oss til den dagen då alle er på plass og kvardagen er tilbake!

Då må me fortsetje den gode trenden - å fylgje råda frå myndigheitene, så kan me vonleg snart møtast igjen.

Det jobbar me mot nå. Imens; fortsett den gode jobben de gjer med skulearbeidet.

Tusen takk til føresette og tilsette som held humør og motivasjon oppe med god oppfølging og innsats!

Du finn meir informasjon på kommunen sin nettside:


https://www.tysver.kommune.no/skule-og-utdanning/aktuelt/test-sliders#informasjon-til-foreldre-om-skolestenging

 

Trygge skular

Beste helsing, og på vegne av alle tilsette

Geir