Det er med begeistring, glede og litt spaning men tek imot alle elevane på måndag. 2 månader er gått sidan me stengde ned og tok grep mor korona. Det har virka, og me kan opne opp att. Herleg!

Måndag starter alle 8.30. Me oppmodar alle som kan, om ikkje å nytte buss. Alle utan rett på skyss, må ordne dette sjølv. Me ynskjer at elevane kjem så tett opp mot 08.30 som mogleg.

Me tek sikte på at alle skuledagane går etter vanleg plan. Unnataket er ungdomsskulen, som sluttar 12.30 på fredagane. Me kan ikkje blanda klassane i valfag. Fredagen må dei ordne skyss heim sjølv.

Alle elevane vil vere i faste rom og det vil vere faste områder som dei skal vere på ute. Lærarane skal ha færrast mogleg klassar. Dei som kan ta buss er dei med rett på skyss. Det er merka opp kor dei som skal ta buss skal stå til bussen kjem. Dei yngste fremst.

Pausar vert avvikla til ulike tider slik at me unngår alle ute på same tid. Det er viktig at elevane berre er saman med elevar frå same klasse. Det er med tanke på sporing om smitte oppstår.

Klarer me å fylgje smittevernreglane så skal dette gå fint! De må førebu elevane på at smittevern er viktig. Det avgjer om me lukkas!

Eg må nytte moglegheita til å takka alle tilsette som har tatt alle utfordringar på strak arm. Dei har endra praksis og snudd seg rundt for å at elevane skal få eit best mogleg tilbod i desse månadane.

I dag har dei førebudd at borna dykkar skal kunne vere saman frå måndag, ikkje slik dei var før 12. mars, men likevel saman, sjølv om meteren må respekterast og berre dei i same klasse kan vere saman.

Til dykk som er foreldre og føresette vil eg gjenta, litt omskrive, det eg sa for nokre veker sidan.

Kjære foreldre og føresette. På vegne av tilsette vil eg sei.

Takk❤

Takk for alle👍
Takk for alle❤
Takk for alle gode ord
Takk for tolmod
Takk for innsatsen
Takk for omsorg
Takk for respekt
Takk for samarbeid

Me gleder oss til å møte borna dykkar, kvart einaste eit.

Takk❤

Ha ei flott helg og så skal flagget til topps på måndag!