Måndag 25. mars skal ungdomskuleelevane gjennomføre UngData. Her kjem litt informasjon om undersøkinga. Same veka blir elevundersøkinga og tatt.

Informasjon til føresette og ungdommar om ungdataundersøkinga i Tysvær 2019

I 2019 blir ungdataundersøkinga gjennomført i Tysvær kommune blant elevar i 8.–10. klasse. Kommunen har tidlegare gjennomført undersøkinga i 2010, 2013 og 2016. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Tysvær, er det viktig at så mange som mogleg deltek.

Her får du informasjon om:

  • · Føremålet med undersøkinga
  • · Kva vi spør om
  • · Korleis undersøkinga blir gjennomført
  • · Tid og stad for undersøkinga
  • · Frivilligheit og personvern
  • · Kontaktinformasjon

Føremålet med undersøkinga

  • Gje ungdommar i Tysvær ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i kommunen
  • Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen sitt arbeid med denne aldersgruppa
  • Gjere det mogleg å samanlikne kommunen med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking

Kva vi spør om i Ungdata

  •  Forhold til skulen, venner og foreldre
  •  Fritid og fritidsaktivitetar
  •  Helse, trivsel og livskvalitet
  •  Mobbing
  •  Regelbrot, vald og rus
  •  Utdanningsnivået til foreldra

Du kan få tilsendt det fullstendige spørjeskjemaet ved å kontakte Kompetansesenter rus - region vest Stavanger (KoRus-Vest Stavanger).

Korleis blir Ungdata gjennomført?

  • Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga.
  • Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på svarsida til Ungdata med ein tilfeldig eingongskode.

Tid og stad for undersøkinga: Måndag 25. mars 2019

Det er frivillig å delta

  • · Undersøkinga er frivillig.
  • · Dei som svarer, kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.
  • · Føresette kan reservere seg mot at barna deira skal delta ved å gje melding til kontaktlæraren.

Personvern

  • Undersøkinga er anonym, så det er ikkje mogleg å identifisere enkeltpersonar ut frå dei innsamla dataa.
  • Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att enkeltpersonar når resultata frå undersøkinga blir offentleggjorde.

Beredskap

Skulehelsetenesta vil vere klar med beredskap etter undersøkinga for elevar som måtte trenge det.

Ansvarlege for undersøkinga

Undersøkinga blir gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og KoRus-Vest Stavanger på oppdrag frå Tysvær kommune.

KONTAKTINFORMASJON

Kontaktperson i kommunen: SLT-koordinator Frans Gisle Hansen tlf: 932 16 677, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Kontaktperson ved KoRus: Rådgiver Sven Gustafsson tlf: 942 05 590, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..