Tysværvåg 1969 – 2019

 

Invitasjon til foreldrekveld

 

Det store spørsmålet i november vil vere:

«Tysværvåg 1969 -2019. Ulikskapar før og no»

 

Heile skulen skal ha det som tema heile månaden, men ha særskilt fokus i veke 45. Då skal elevane jobbe i djupna med tema på tvers av fag.

Ordføraren skal opne arbeidet med prosjektet måndag 4. november.

Torsdag 7. november 2019 kl. 17.00 – 18.30 vil me invitere alle foreldre/føresette til ein foreldrekveld med feiring av at skulen er 50 år. Her får de sjå litt av det elevane har arbeida med og de skal få ta del i feiringa:)

Set av ettermiddagen torsdag 7. november:)