Skulesjefen har bestemt at de elevane som går i 1. – 4. klasse som ikkje har rett på skyss, får rett til å ta skulebussen mot betaling. Desse må legge fram kvittering på at dei har kjøpt busskort og skal bruke kortet kvar dag. Elevar som ikkje kan legge fram kort, blir avvist.

FAU/SMU har saman med skulen lagt denne saka fram for skulesjefen og me er godt nøgde med avgjersla. Me ber om forståing for at det ikkje er kapasitet til at ordninga gjeld eldre elevar.  Ordninga er tatt ut frå omsyn til sikkerhet for dei yngste borna.

Sølvi har kontakta dei med trur har behov, men om nokon ikkje er kontakta må dei kontakta skulen.

Av smittevern-omsyn, må skulen til ei kvar tid vite kven som nyttar tilbodet og me ber dykk sei frå når de nyttar tilbodet.

Ordninga gjelder frå 10. september 2020.