ko5 Small

I september har heile skulen Jorda som tema i arbeidet med det store spørsmålet. Korleis bevare ein frisk klode? Vurdering for læring er ei viktig føresetnad for all læring og me har eit ekstra fokus på det i denne perioden. Elevane skal vere med å planlegge, gjennomføre og evaluere prosjektet. Prosjektet tek opp i seg fleire kompetansemål frå fleire fag.

I kor stor grad elevane har medverknad er sjølvsagt avhengig av alder. Me har ambisjonar om at aktiv læring skal skje gjennom praktisk, variert, motiverande og relevant undervisning.

På måndag starta me opp, og alle elevane fekk eit foredrag av Nini Hæggernes som representerer Framtida i våre hender. Ho snakka om først og fremst om utfordringane knytt til bruk av plast.

Torsdag 13. september er det den årlege Joggedagen og kick - off for Trivselsleikar. I år som tidlegare vil me knytte denne dagen til ein innsamlingsaksjon til slumborna i India. Dei skal bygge nytt bibliotek og naturfagsal. https://bidra.no/prosjekt/slumskole-i-jammu-india/80d2aec3-7772-41c1-8160-2e84b64828c6. Det er viktig å bry seg!

3. oktober avsluttar me prosjektet om Jorda og i den anledning vil me invitere foreldre og føresette til skulen. Me ser føre oss de kjem kl. 17.00 og er med klassane til kl. 18.00. Me kjem attende med meir informasjon her.

De som er klassekontaktar skal saman med kontaktlærarane og FAU ha eit møte kl. 18.00 same dag, 3. oktober. Då går me gjennom forventningar til kvarandre i samarbeidet skule – heim. Det blir val av nytt FAU. Til slutt blir det eit kort møte mellom kontaktlærar og klassekontakt på kvart trinn.

I neste veke skal skulen vere vertskap for elevar frå Sverige og Danmark. Friluftsliv valfag, på ungdomssteget, har eit utvekslingsprogram med Fridhemsskolan i Arvidsjaur og Højmeskole i Odense.

Elevane som var på utveksling får besøk av elevar som skal bu hos dei heile veka. Tema for prosjektet er friluftsliv og idrett som felles språk. De skal mellom anna på fottur i fjellet og padla kajakk.

Fredag 21. september reiser heile personalet på studietur til London. Me skal vere der til tysdag 25. september. Me skal mellom anna vitje Forrest Gate School som har jobba med det store spørsmålet i lang tid. Dette er ein skule på austkanten i London med store sosiale utfordringar, men på trass av det, har dei høgt læringstrykk og gode resultat. Me gler oss til å sjå korleis dei klarer å motivera elevane for læring. I samband med studieturen, må me gi elevane fri frå kl. 12.30 på fredag 21. september. SFO vert stengd. Me veit det skapar logistikk vanskar, men håper det løyser seg. Måndag 24. og tysdag 25. september blir fridagar for elevane.

Me ser fram til ein aktiv september månad, med læring i sentrum!

Beste helsing

Geir Dybdahl

rektor

 

ko4 Small

 

ko3 Small