Informasjon til elevar og foreldre/føresette på 10. trinn

Regjeringa har bestemt at alle  barnehagar og skular skal vere stengt til og med 13. april. Perioden kan bli utvida. Ny beskjed kjem 8. april. Viss skulane fortsatt er stengt etter påske, vil det komme fleire avklaringar rundt opplæringstilbodet til elevane.

Dei som kanskje er mest usikre er elevar og foreldre/føresette på 10. steget.

Eksamen  er avlyst

Både skriftleg og munnleg eksamen på 10. trinn er avlyst. Elevar på 10. trinn får fullverdig vitnemål utan eksamen. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst. Dette har ikkje konsekvensar for inntaket til videregåande opplæring.

Standpunkt 

Lærarar og leiing vil  prioritera å sikre vurderingsgrunnlag for å sette standpunkt. For å sikre at alle elever skal få standpunkt vil skulane arbeida på ein slik måte at lærarar kan overta for kvarandre om faglærar blir sjuk. Vurderingsformer vil skje via nettløysningar.

For å sikre bredt nok vurderingsgrunnlag, må  elevane delta i heimeundervisninga slik dei normalt gjer på skulen.

Halvårsvurderinga som blei sett til jul skal ikkje aleine vere grunnlag for vurderinga av standpunktkarakteren. Halvårsvurderinga er ein del av undervegsvurderinga, og skal både gi informasjon om kva eleven meistrer etter kompetansemåla i læreplanen, og gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen i faget. Denne karakteren beskriver kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga.

Standpunktkarakterar i fag blir gitt ved avslutninga av opplæringa, og skal førast på vitnemålet. Normalt skal skulane sette standpunkt de siste ein til to månadene med opplæring i faget. Nå vil  lærarane byrja å jobbe med vurderingsgrunnlaget til standpunkt omgåande og kan halde fram til siste skuledag.

 

Me får til dette saman, kvar for oss.

 

Venleg helsing

Geir