I dag var det valdebatt på Tysværvåg barne- og ungdomsskule. SV, Høgre, Ap, KrF, Sp og MDG stilte med representantar. FRP og Venstre måtte melde avbod grunna sjukdom.

Alle politikarane fekk seie litt om kva dei legg i demokrati, kvifor dei valde å bli politikarar og kva saker dei er opptekne av som gagnar elevane.

Elevane fekk stille spørsmål og til slutt blei det ein livleg debatt om vindmøller.

Eit samla panel stiller seg bak dagens skulestruktur og vil ikkje røre nokon av skulane i kommunen. Det var og tverrpolitisk semje om at vindmøller ikkje skal etablerast i Tysvær. Unntaket var MDG som ikkje har bestemt seg i saka om vindmøller på Gismarvik.

Partia hadde ulik oppfatning av lekser; frå heilt leksefri skule (SV og SP) til ulike innretningar med leksehjelp og lekser med kvalitet.

Høgre vil ikkje ha måltid i skulen, men det ynskjer Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Høgre vil bruke pengane på høgare lærartettleik. Arbeiderpartiet ynskjer meir ressursar til helsesyster.

Alle snakka varmt om kor viktig det er med gode skulebygg og gode trygge vaksne som kan gjere skulekvardagen god for den einskilde.

Alt i alt ein veldig kjekk time med flotte politikarar som tek seg tid i ein travel kvardag.

 

111 Custom

 

120 Custom

 

113 Custom

115 Custom

114 Custom

112 Custom

 

116 Custom

 

117 Custom

 

118 Custom

 

119 Custom