Torsdag 6. juni, ein halvtime etter eksamen var ferdig, slo lynet ned på skulen. Det gjorde at me er utan internett, varme, ventilasjon og telefon. Eg veit ikkje kor lang tid det vil ta før alt er ordna. Det veit eg meir om på tysdag. IT har sett på kva som må gjerast, men veit ennå ikkje kor omfattande skaden er.

Me vil syte for lufting manuelt, ha lengre økter ute, og improvisere til ting er i orden. Eg håper på ein positiv haldning, då går nok dette bra.

Opp i alt var det bra eksamen vart avvikla, og at det berre er materielle skader:)

Kontakt med administrasjoen kan gjerast via mobil. Geir 91 84 14 32 og Sølvi 99 39 95 65.

Venleg helsing

Geir