I det siste er det blitt fokusert mykje på korleis tilstanden er på dei to største ungdomsskulane i kommunen.

Då er det med utgangspunkt i eit tilsyn som Fylkesmannen har gjennomført og enkelthendingar kor elevar mobbar og blir mobba.

Mobbing er sjølvsagt ikkje greitt og det er beklageleg at elevar ikkje er trygge på skulen. Slik skal det ikkje vere og me må løyse det. Skulen har eit stort ansvar, og me skal snu kvar ein stein for at ting blir bra.

Eg trur nøkkelen til suksess er dialog. I den dialogen må me vere gode førebilete både når me snakkar til kvarandre og om kvarandre. Sosiale medier gjer at mogleheitene til dialog er mange. Nyttar me dei på ein konstruktiv måte vil det styrke samarbeidet.

Me må snakka saman. Ingen må sitte heime å kjenne på at dei ikkje blir høyrt eller forstått. Alle som har meiningar om korleis elevane har det, må sei frå. Snakk med borna dykkar og høyr korleis dei opplever skulen.
Ta kontakt med kontaktlærar eller med oss i leiinga. Vi skal lytte og handle. Skulen har ei handlingsplikt.

Eg er rektor på sjuande året og har gleda meg til å gå jobb kvar einaste dag. Det er ikkje kjekt å tenkje på at ikkje alle elevane våre har det slik. Eg sit med det øvste ansvaret ved skulen og det er mi plikt å sjå til at alle har det trygt. Eg skal ikkje gjere den jobben åleine, men saman med dei tilsette, støttetenestane, elevane og de som er foreldre. Saman skal me syte for at alle har det trygt.


Nå må me sjå framover, ta lærdom av dei tinga me gjer feil og syte for at alle får det trygt på skulen. Den jobben må me gjere saman. Det er den einaste vegen vidare.

Med venleg helsing
Geir