Då er fyrste veka over og me tykkjer at den har gått kjempefint. Lukkelegvis er kommunen utan smitte og me kan driva på gult nivå.

Neste veke var det planen at me skulle samla klassekontaktar og kontaktlærar for å gå gjennom naudsynt informasjon knytt til skulestart, særleg kapittel 9A i opplæringslova. Det er ikkje mogleg med dei føringane som gjeld no. Situasjonen kan endre seg raskt og det er semje i kommunen om å ikkje ha desse møta no. 1. og 8.klasse vil arrangere foreldremøter, dei andre må vente.

Me har hatt fyrste møte i samarbeidsutvalet som er dykkar organ inn mot skulen. Her er og det politiske nivå representert. Hos oss er der Ståle Berge frå Arbeiderpartiet som deltek. Neste møte er 15. oktober og det er mogleg for alle å melde inn saker. Skulebruksplanen vil blir ei sak på neste møte. Du finn referat frå møte på heimesida her; https://www.tysver.kommune.no/rad-utval-tbu/samarbeidsutvalg-tbu/samarbeidsutval-tbu#motereferat

På heimesida finn de mykje informasjon om dei rettane de som foreldre/føresette og borna dykkar har. Desse skal sikre at alle har det trygt og godt på skulen.

Alle klassane har gått gjennom dette på skulen og elevane skal kjenne til sine rettar. Snakk om dett heime og sjå gjerne den korte filmen saman med borna.

I løpet av neste veke skal alle elevane svara på to spørsmål. Er du trygg på skulen? Liker du deg på skulen? Dei som svararr nei på eit eller begge må me snakka med for å finne kvifor dei seier nei. Me starta med dette i fjor og gjer det i starten og etter jul. Det er eit av fleire verktøy som skal hjelpe oss å fanga opp dei så slit.

Seinare kjem Spekter og elevundersøkinga som og kan hjelpe oss til å bli betre.

Eg oppmodar alle til å kikke litt på dei linkane som ligg på heimesida under Trygt Skulemiljø.

Her finn du; Plan for eit trygt og godt skulemiljø, ordensreglement, kjenneteikn på sårbare elevar, video om §9A og informasjon om elevane sine rettar.

Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko du vil spørje om.

Mvh

Geir