tbu2

 

 

VELKOMEN TIL FORELDREMØTE FOR FØRESETTE MED BARN SOM SKAL BYRJA PÅ SKULEN HAUSTEN 2019

 

Tysværvåg barne- og ungdomsskule inviterer til innskriving i skulen

Tid: måndag 12.11. kl. 9.00-10.30

Stad: musikkrommet

 

Kjære foreldre og føresette

Så er tida komen for å skrive seg inn i skulen. Me gler oss til å møta dykk, og elevane.

De vil få eit brev heim.

Vedlagt finn de innskrivingsskjema og elevkort. Det er viktig at de sjekkar at opplysningane stemmer og gjer om dei val de ikkje er samde i.

De finn og informasjon om målform i eit eige skriv. Tysværvåg barne- ungdomsskule er ein nynorskskule, så alle elevane er ført opp med nynorsk.

Elevar og føresette møter på musikkrommet. Rektor ynskjer velkommen og elevane blir lest opp. Etter kvart som elevane blir lest opp blir dei med fadrane sine.

Fadrane og lærarar vil hjelpa dei i ein aktivitet slik at dei får tid til å bli kjende med kvarandre. Når aktiviteten er godt i gang vil rektor ta imot påmelding og informere føresette på musikkrommet. Wenche har ei kort økt om leseførebuing.

NB! Hugs å ta med utfylt innskrivingsskjema og elevkort:)

Venleg helsing

Geir Dybdahl, rektor