Kjære alle saman:

Nå er vi alle inne i ei ny tid, som vi ikkje helt har oversikt over. For elevar og føresette kan dette bli ein krevjande periode. Barna er dei neste vekene utan dei viktigaste arenaene i livet, nemlig skole, idrett og andre fritidsaktiviteter. Det blir difor særs viktig at alle vaksne tek ansvar for å sikre trivnad, mestring og glede for barna våre, først og fremst saman med familien.

Det er viktig å understreke; nå går vi vekk frå det som er ordinært, situasjonen uavklart. Ingen veit korleis den neste tida vil bli, og spørsmål om karaktersetting, vurderingar ol. vil ingen kunne gi et eksakt svar på. Siste info er at opptak til vidaregåande skole vil gå som normalt.

Heimeundervisning:

Dette har vi aldri gjort før, så det får vi sikkert til…

pippi

La oss snu denne dumme situasjonen til noko gøy:

  1. Lurt å dele dagen inn i faste rutinar. Lag dykkar eigen «timeplan»
    1. Ei tid for å gjere skulearbeid - det er ikkje ferie!
    2. Ei tid for å spise saman
    3. Ei tid for å leike
    4. Ei tid for å bli underhalden av skjerm
  2. Foreldre og føresette har plikter dei må gjere
    1. Ei av pliktene er å følgje opp skulearbeid til ungane sine – kvar dag!
    2. Skulen må og ha dagleg beskjed om ev sjukdom/karantene
  3. Ver merksame på:
    1. At nokre har trong for å prate om det skremmande som skjer
    2. At nokre kan føle seg einsame når ein ikkje kan treffast på skulen
    3. At man kan bli ekstra irritert eller sint utan at vi veit kvifor
  4. Moglegheiter:
    1. Gå turar saman
    2. Setje husarbeide på timeplanen (t.d. lage mat saman)
    3. Spele spel saman
    4. Ringe/skype til kvarandre.

Skulen vil gjerne halde kontakt med alle. Alle loggar seg på i den plattformen som læraren vil bruke; Teams, Its learning eller Showbie slik at vi kan sjå på dagen saman. Lærarane er tilgjengelege på dei ulike plattformane i vanleg arbeidstid mellom kl. 8.30-11 og 11.30- 14.30

Tenk på om det er nokon du kjenner som har det ekstra vanskeleg. Det er ikkje lov til å ta på kvarandre, men vi må ta vare på kvarandre, seier Erna Solberg. PS! Vi som bur i same ut må sjølvsagt ta, klemme og stryke på kvarandre og hugs god handhygiene!

pippi2