Velkomen til skulestart

No er det berre nokre få dagar igjen til skulestart.

På vegne av alle tilsette ynskjer eg velkomen attende. Det blir kjekt å sjå alle igjen på måndag.

Eg skal vere så ærleg at eg hadde håpa på at me kunne sagt velkomen til skulestart, utan Korona. Det skjedde ikkje og situasjonen er litt meir kritisk no, enn då me slutta før sommaren.

Difor må me fortsatt vere varsame på skulen, som elles i samfunnet. Me må vaske henda, halda avstand og vere heime om me er sjuke. Heile landet er på gult nivå i skulen sin smittevern-rettleiar.

Gult nivå

  • Ingen syke skal møte på skolen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
  • Hele skoleklasser regnes som en kohort
  • Ansatte kan veksle mellom kohorter/klasser
  • Trinnvise kohorter på SFO (Mindre SFO kan gjøre tilpasninger)
  • Unngå trengsel og store samlinger
  • Ha egne områder i skolegården for ulike klasser/kohorter i pauser friminutt

Fyrste skuledag vil alle vaksne vere ute når elevane kjem. Me ynskjer at elevane kjem tettast mogleg opp mot skulestart. Dei skal møte ved sin inngang. Nokre klassar blir slept inn med det same, andre skal stille opp slik dei gjorde før ferien. Det vil dei få vite når dei kjem. Foreldre/føresette kan ikkje vere med inn i garderoben.

Diverre er det heller ikkje no mogleg å ta buss, for dei utan rett til skyss. Dei som nyttar buss kan sitje skulder ved skulder med dei i same klasse, og sysken må sitje saman. I morgon kjem det nye føringar for kollektivtrafikk, så det kan kome endringar.

Ein av dei positive tinga i vår var den aukande mengda av elevar som sykla og gjekk til skulen. Me vonar at det held fram. I eit folkehelseperspektiv er dette bra. Eg veit at fleire tykkjer skulevegen er farleg, og difor må me alle vise ansvar og køyre aktsamt.

I friminutta har me delt skuleplassen i 10 område som klassane byter på etter to veker. Det som er viktig er at elevane berre er saman med sysken og dei i klassen. Me må unngå at elevar på tvers av klassar er saman.

Klede og anna utstyr som ligg på skulen må takast heim kvar fredag.

Timar og fag skal gå etter vanleg plan og etter gjeldande smittevernreglar. Kunnskapsministeren var tydeleg på at elevane skal ha så normal skuledag som det er mogleg å få til.

Alle elevane i småskulen får nye iPadar og dei andre nye PC-ar. Dei er ikkje heilt klar så det kan bli ein periode utan desse verktøya. Me oppmodar alle elevane om å ha med pennal som inneheld blyant, visk og anna naudsynt utstyr. Det er for å unngå at elevar må dele på utstyr.

Korleis det blir med felles foreldremøte er ennå ikkje heilt klart, det er framleis strenge krav til slike møte. Eg kjem tilbake til dette.

Til slutt vil eg takke for det tolmod og det gode samarbeidet i vår og er sikker på me får det til denne hausten og.

Venleg helsing

Geir