I år som i fjor deltok arbeidslivsfag og produksjon av varer og tenester på Ungt Entreprenørskap si konkurranse som premierer dei beste elevbedriftene i distriktet.

Utruleg kjekt at Tysværvåg gjer det så godt her. Innovasjon er noko av det viktigaste i morgondagens samfunn!

Det var fleire bedrifter som deltok frå valfaget produksjon av varer og tenester og frå arbeidslivsfag.

Grunna korona blei det i år ein virtuell utgåve og tysdag 28. april blei vinnarane kåra.

Tysværvåg tok ei rekke prisar i år, som i fjor. Lift it up som er frå valfaget produksjon av varer og tenester og består av: Emma, Birgitte, Alexa, Ine Mari og Hedda i 9. klasse tok to sigrar og ein andreplass. Dei arrangerer sosiale aktivitear for barneskulen.

TBU fotballskole som har arbeidslivsfag og som består av Oliver, Gbassay og Viljar fekk to andreplassar. Dei har tidelgare fått flott omtale i bygdabald. Dei tilbyr fotballskule for elevar.

Me er stolte av dykk!

 

premier

 

 

 

lift it up

 

 

 

fotballskole