Eg vil på vegne av heile skulen ynskje alle ein flott sommar. Det blir sommar i eige land for dei fleste av oss, kanskje ein sommar rundt dørane, heime? Det kan bli kjempebra. Véret har vore fantastisk og me vonar det held fram.

Skuleåret 2019/2020 vil stå att som det året kor ein pandemi blei noko me måtte la styra liva våre. Det har vore utbrot av ymse slag tidlegare, men aldri av slikt omfang og med så store konsekvensar.

Me løyste det bra! Saman har me klart å ta mykje av kvardagen attende, ved hjelp av enkle grep som å halda avstand, vaska hender, hoste i olbogen og vere heime når me er sjuke.

Smitten har vore fråverande dei siste månadane. Godt jobba alle saman!

Kva har me lært av denne måten å drive skule på?

Me har hatt ein fantastisk reise digitalt og det har vore avgjerande for utbytte av heimeskulen.

Bussutfordringar har ført til ein eksplosjon av syklande elevar. Det er fantastisk i eit folkehelseperspektiv.

Etter at me kom attende på skulen har elevane hatt mykje meir uteskule og aktivitetar ute med sin klasse. Det har ført til meir samansveisa klassar og styrka relasjonane mellom elev – elev og lærar – elev.

Det har vore mykje undervisning knytt til det å vere ute, men det er ikkje sikkert elevane alltid ser på det som læring. Dei har det kjekt! Det er eit tankekors og noko me må ta med vidare.

Noko har me nok missa på vegen, men alt i alt meiner eg me har gjort mykje rett og at det er mykje å byggje vidare på.

7. og 10. klasse har siste skuledag i morgon med avslutning om kvelden. Dei andre sluttar på tysdag. Eg skal vere med 10. klasse på deira avslutning i Falkeidhallen og ser fram til det.

Til hausten har me håp om at skuldagane skal vere mest mogleg som før Covid 19 sette dagsorden. Nokre grep må me nok ta, men me vonar at kvardagen skal vere om lag som før. Me skal likevel ta med oss det beste frå den tida me har vore gjennom..

Me har alle lærarane på plass og ser fram til hausten, men fyrst skal alle få ein velfortent kvil i bakken.

Eg vil nytte høve til nok ein gong å takke elevar, føresette og tilsette for tolmod og forståing for den situasjonen me har vore i. Utan at eit så godt samarbeid ville ikkje dette enda så godt som er tykkjer det har gjort. Tusen takk!

Me vil gjere det me kan for at neste skuleår skal bli enda betre enn i år. For å lykkast må me samarbeida.

Eg vil takke FAU og SU/SMU for samarbeidet. Eg tru me er på rett veg og at me saman skal gjere skulen enda betre.

God sommar til dykk alle, så sjåast me måndag 17. august!

Beste helsing

Geir