Eg vil med dette ynskje alle ein velfortent og god påske, og nyttar samstundes moglegheita til å dele nokre tankar.

Fokuset på individet framfor fellesskapet har prega mediebilete den siste tida, og stygge karakteristikkar av kvarandre har hagla. Korleis skal me då klare å læra ungane god folkeskikk?

Eg er overtydd om at fokuset på fellesskap og samhald må gjenreisast. Me må sjå ting i samanheng, og kanskje stille større krav til oss sjølv, ikkje berre omgjevnadene.

Ser ein på statistikk så er det ikkje ein sjølvsagt ting at alle ser fram til over ei veke med fri, og det er ikkje slik at statistikk berre angår dei andre. No har me gjennomført ei ikkje anonym spørjeundersøking i alle klassar, og det er elevar som må få betre hjelp.

Somme elevar har det best på skulen. Då er det faste rammer for kva som skal skje, og dei er i eit fellesskap med andre. Dei er trygge og har stabile vaksne rundt seg.

For somme av elevane våre er det ei påkjenning å gå på skulen. Dei kjenner seg uttrygge og har få vener. Dei melder om at andre snakkar stygt til dei, bli plaga fysisk eller blir utestengd. Dei opplever press, det kan vere utsjånad, klede, karakterer, og mykje anna som gjer at sjølvbilde er lågt. Dei kan vere bekymra for dei heime, og vil heller vere der for å hjelpe til.

Heldigvis er det slik at dei aller, aller fleste har det trygt og godt både heime og på skulen og er nøgde med seg sjølv og tilhøva.

Likevel går tankane mine til dei få. Kva kan me saman gjere for at alle har eit godt psykososialt miljø?

Fasiten her trur eg ligg i samspelet skule – heim, elev – føresette, elev – lærar. Korleis skal me spele kvarandre gode? Dialog er nøkkelen her. Tillit til kvarandre, at me alle ynskjer det beste for den einskilde.

Viss alle dei som no går heim på ferie med eit smil kan finne ut korleis dei kan vere med å gjere livet til andre betre, så er me på rett veg. Når eleven kjem heim, skal ein kanskje heller spørje; kva gjorde du i dag for at andre fekk ein fin dag? Ikkje berre spørje om kva dei andre gjorde for deg.

I førre veke delte eg ein artikkel med dykk om ansvaret me har for å la borna leve sine eigne liv, ha sine løyndomar, og gjere sine val sjølv om dei er feil.

Hedvig Montgomery som eg viser til, skriv: « Løft blikket, lær deg om barns utvikling og ikke la deg skremme av de reddeste foreldrene i nærmiljøet. Hjelp hverandre til å slippe, ikke bare til å passe på. Det er nesten ingenting som var bedre før. Barn har det bedre enn noensinne i dette landet, men samtidig vil jeg minne alle foreldre på hvor viktig det er å gi slipp. Ta et steg tilbake, la barnet prøve, skap rom og mulighet til å lære seg om dette vi alle prøver å få til; livet.»

Nytt no ferien til å gjere kjekke ting saman, og nyt late dagar:)

Legg med eit bilete frå eit arbeid 1. og 2. klasse har laga om tid, som er det store spørsmålet i mars. Kjekt og samlande for skulen at alle jobber med det same spørsmålet kvar månad.

mars

 

 

Venleg helsing

Geir