jul

 

Her kjem ei julehelsing og litt om korleis eg tykkjer 2019 har vore.

2019 var året me avslutta oppgraderinga av skulen, så langt. Me har fått etablert enda ein aktivitetsflate ute, så nå er med særs godt nøgde med uteområdet.

I løpet av hausten fekk me på plass ny inspektør. Andreas og Harriet har begge gått av med pensjon og Anita som har jobba ved skulen i mange år er godt i gong som ny inspektør. Det er alltid spanande med tilsette i nye roller, ho ser ting på ein annan måte og har med seg nye tankar. Eg og alle tilsette er kjempeglad for at Anita er ny inspektør og eg er sikker på at me skal få dette til, saman.

Det mest krevande i haust var nok tilsynet frå Fylkesmannen på korleis me handsamer §9A i opplæringslova. Tilsynet viste at Tysværvåg har god praksis på området, men at me må varta flinkare å involvera elevar og føresette i elevråd, samarbeidsutval og skulemiljøutval. Tilsynet viser at det å leie ein skule krev stor grad av juridisk kompetanse, at det å sikre elevar eit trygt skulemiljø handlar om gode rutinar og system som sikrar god handsaming uavhengig av kven som sit i leiinga. For oss var det godt at Fylkesmannen uttrykte stor tillit til korleis skulen arbeider med trygt skulemiljø, og me er glade for at me no står endå betre rusta til sikre elevane at dei har det trygt og godt.

I haust starta 14 av lærarane opp med eit studie i FAL (Fysisk aktiv læring). Det går ut på å finne måtar å gjere undervisninga meir aktiv. At elevane bevegar seg meir i timane. Det meiner me er klokt og høgaktuelt, i ei tid med mykje inaktive born. Frå statleg hald er det eit ynskje om meir fysisk aktivitet og dette er eit godt bidrag til det..

Ut frå resultata av nasjonale prøvar og elevundersøkinga kan me sei noko om tilhøva ved skulen.

Nasjonale prøvar tek me i femte, åttande og niande klasse. Elevundersøkinga tek alle elevane frå femte og opp til og med tiande. I tillegg tek me tidleg kartlegging av trygt skulemiljø og Spekter som er ei ikkje anonym undersøking om skulemiljø. Me tar Spekter to gonger i året.

Foreldreundersøkinga, er godt i gong. Tredje klasse har ein svarprosent på 100, og har sikra seg pizza. 1. og 4. klasse er det som er nærast med 85 og 78%.  58% foreldra har svart, men me håper talet blir høgare. Då har me eit representativt utval. Undersøkinga er fortsatt open. Tala frå undersøkinga vil eg kome tilbake til når den er avslutta.

Det kjekke er at nasjonale prøvar som skal måle den enkelte elev si utvikling, syner at våre elevar gjer framsteg. Dei har ei positiv utvikling. Tysværvåg ligg i ikkje i Norgestoppen, men elevane gjer framsteg. Kvart år sidan me kunne måle på denne måten, gjer 9. klasse det betre enn året før. Det er forventa ein framgang på mellom 3 og 4 poeng. I år var framgangen frå 8. til 9. klasse 4,67 poeng i rekning og 3,84 i lesing.

Tala for 5. klasse og 8. klasse var betre enn i fjor, men vi har framleis ein del å gå på. Det gir oss motivasjon til å betre på dette framover.

Resultata frå Elevundersøkinga er mykje betre enn i fjor, men det var særleg eit klassetrinn som gav skulen dårleg score. Det skapar sjølvsagt uro, men me har tatt tak i dette saman med føresette og elevar.

Det er raude tall på praktisk og variert opplæring. De må me få betre til. I den nye læreplanen som skal gjelde frå hausten, er djupnelæring og emne på tvers av fag løfta opp som sentrale endringar. Det er og høgt fokus på praktisk, variert, motiverande og relevant læring. Me må bruke tid saman i personalet og saman med elevane til å definere desse omgrepa, slik at me har ei felles forståing av kva me legg i dei. Saman må me finne ut korleis me skal motivera elevane for eit høgare læringstrykk.

Det er heller ikkje samsvar mellom anonyme svar og ikkje anonyme svar (Spekter) når det kjem til mobbing mellom elevar og mobbing frå vaksne. Den anonyme viser høge og urovekkande tal. Me må får til meir valide undersøkingar som viser betre samsvar. Me må bruke tid saman med elevane på å understreka kor viktig det er at svara gir eit rett bilde. På ungdomsskulen har me sett av meir tid til elevsamtalane. Det trur me er viktig.

Elevundersøkinga viser at elevane opplever god støtte frå læraren og frå heimen. Dei seier me har felles reglar. Det er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid.

Trivselen har alltid vært høg på Tysværvåg. Her skårar me høgt kvart år.

t1

Utfordringa er låg motivasjon. Under halvparten har høg motivasjon og den er låg over heile linja. Her kan de som foreldre utgjere ein forskjell. Framsnakk skulen og sei kor viktig det er med utdanning. Snakk gjerne om kva krav din jobb set til utdanning. Skulen er avhengig av eit nært og godt samarbeid med føresette, og at me har tiltru til kvarande. At me snakkar til og ikkje om kvarandre. Det tykkjer eg me får godt til, men me kan heilt sikkert bli betre.

motivasjon

Dei siste vekene har det vore ein del negative oppslag om korleis tilhøva er i Tysværskulen og om utfordrande ungdomar. Det er sjølvsagt alvorleg, men me må ikkje gløyme den tause majoriteten. Dei som alltid gjer som dei skal og som spreier glede i kvardagen til dei rundt seg.

Sokrates sa for om lag 2500 år sidan; ”Ungdommen nå for tiden foretrekker luksus. De har dårlige manerer, fornekter autoritet, har ingen respekt for eldre mennesker og prater når de egentlig burde arbeide. De unge reiser seg ikke opp lenger når eldre folk kommer inn i værelset. De motsier foreldrene sine, skryter i selskaper, sluker søtsaker når de sitter ved bordet og legger beina over hverandre og tyranniserer sine lærere.” -Sokrates

No er det få dagar att og alle skal ha ein lang og fortent ferie. På torsdag vil me for 6. gong samle alle elevane i gymnastikksalen til juleavslutning. Det er òg med på å byggje relasjonar. Det er ei super stund der me vaksne og borna kosar oss, og ler saman. At me i forkant har fått ei fin stund i kyrkja er og ein tradisjon eg meiner det er rett å bringe vidare.

Til slutt. Gi ungane ein klem, og sei kor flotte dei er. Me er utruleg heldige så får låna dei, og vere med å forme dei. Ingenting gir meir energi enn å gå ein tur i skulegarden å sjå alle dei opne og glade andleta som sutlaust spring rundt i leik.

Ha ei fredfull jul, og så  ynskjer eg alle eit strålande 2020😊

På vegne av alle tilsette ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Geir Dybdahl, rektor