jul

Her kjem ei julehelsing og litt om korleis eg tykkjer 2018 har vore.

2018 var året me avslutta oppgraderinga av skulen, så langt. Nå ser det ut til at me kan klare å få etablert ein aktivitetsflate ute, der det ein gong var ein handballbane, og kanskje får me til ein sandvolleyballbane. Det skjer eventuelt til våren. Spanande!

Høgdepunktet i haust var det store spørsmålet knytt til ein frisk klode i september, som enda opp i ei hyggeleg stund med dykk foreldre. Dette var eit arbeid elevane gav gode tilbakemeldingar på. Me ser for oss dette blir ein måte å arbeida på framover.

I haust starta me opp med fleire nye lærarar. Helene, Endre, Espen, Serine og Gunvor er alle nyutdanna eller inne i sluttfasen av utdanninga.

Det er alltid spanande med nye tilsette, dei ser ting på ein annan måte og har med seg nye tankar. Det er sjølvsagt krevjande for dei og for skulen når me har så mange nye, men mitt inntrykk er at me har landa det på ein flott måte.

I haust starta me opp med gå/spring ei engelsk mil inspirert av ein ide frå Wales. Det meiner me er klokt, og høgaktuelt, i ei tid med mykje innaktive born. Frå statleg hald er det eit ynskje om meir fysisk aktivitet og dette er eit godt bidrag til det. Det er og god trening i vere saman på tvers av klassar og vise kvarandre respekt.

Ut frå resultata av nasjonale prøvar, elevundersøkinga og foreldreundersøkinga kan me sei noko om tilhøva ved skulen.

Nasjonale prøvar tek me i femte, åttande og niande klasse. Elevundersøkinga tek alle elevane frå femte og opp til og med tiande. I tillegg tek me Spekter som er ei ikkje anonym undersøking om skulemiljø, to gonger i året.

145 føresette har svart på foreldreundersøkinga, det er bra. Tre klassar hadde ein svarprosent på 100. 78% foreldra har svart og det er me godt nøgde med. Då har me eit representativt utval.

Foreldreundersøkinga viser fortsatt at de foreldre opplever at elevane får god støtte frå lærarane. Det er me glade for.

under

Foreldreundersøkinga viser at me som skule kan bli endå flinkare å informere foreldre om deira og elevane sine rettigheter.

Det kjekke er at nasjonale prøvar som skal måle den enkelte elev si utvikling, syner at våre elevar gjer framsteg. Dei har ei positiv utvikling. Tysværvåg ligg i ikkje i Norgestoppen, men elevane gjer framsteg. Kvart år sidan me kunne måle på denne måten, gjer 9. klasse det betre enn året før. Det er forventa ein framgang på om lag 4 poeng. I år var framgangen frå 8. til 9. klasse heile 5,8 poeng i rekning og 3,2 i lesing.

Likevel skal me ikkje underkjenne at tala for 5. klasse og 8. klasse var svakare enn ynskjeleg. Det gir oss motivasjon til å betre på dette framover.

Resultata frå Elevundersøkinga er i skrivande stund ikkje klar for alle klassane. Av dei resultata som føreligg er det ein svak nedgang på fleire område, noko me må sjå nærare på. Mellom anna er det raude tall på praktisk og variert opplæring. De finn me underleg i og med at fokuset på dette har vore høgt. Det er heller ikkje samsvar mellom anonyme svar og ikkje anonyme svar (Spekter) når det kjem til mobbing mellom elevar og mobbing frå vaksne, på ungdomssteget. Den anonyme viser høge og urovekkande tal. Eg har allereie varsla at me vil ta den ikkje anonyme på ny til våren for å avdekke om tala viser det same etter hard jobbing i tida framover. Elevundersøkinga viser at elevane opplever god støtte frå læraren og frå heimen. Utfordringa er låg motivasjon. Her kan de som foreldre utgjere ein forskjell. Framsnakk skulen og sei kor viktig det er med utdanning. Snakk gjerne om kva krav din jobb set til utdanning. Skulen er avhengig av eit nært og godt samarbeid med føresette, og at me har tiltru til kvarande. At me snakkar til og ikkje om kvarandre

På torsdag vil me for 5. gong samle alle elevane i gymnastikksalen til juleavslutning. Det er òg med på å byggje relasjonar. Det er ei super stund der me vaksne og borna kosar oss, og ler saman. At me i forkant har fått ei fin stund i kyrkja er og ein tradisjon eg meiner det er rett å bringe vidare.

Eg ser at denne helsinga ber preg av at kvardagane ikkje blir nemnd, dei må me ikkje gløyme. Det er flest kvardagar og dei tilsette gjer ein kjempejobb. Me er ein skule der alle dreg lasset saman og ynskjer det beste for ungane. Så vil det alltid vere slik at både vaksne og born har ulike dagar, men målet er at alle skal ha flest dagar med solskin. At det å vere vaksen og elev ved skulen skal vere helsefremjande og kjekt, samstundes som ein oppnår dei måla som er sett for opplæringa. Eg er stolt over alle på Tysværvåg.

Til slutt. Gi ungane ein klem, og sei kor flotte dei er. Me er utruleg heldige så får låna dei, og vere med å forme dei. Ingenting gir meir energi enn å gå ein tur i skulegarden å sjå alle dei opne og glade andleta som sutlaust spring rundt i leik.

Ha ei fredfull jul, og så  ynskjer eg alle eit strålande 2019😊

På vegne av alle tilsette ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Geir Dybdahl, rektor