julehilsen

Her kjem ei julehelsing og litt om korleis eg tykkjer 2017 har vore.

2017 var året då mediateket og SFO blei pussa opp. No har me ein funksjonell skule som stettar dei fleste behov. Me er langt i frå ei teknologisk høgborg, men ein skule som har god plass ute og inne. Det skal ikkje stå på dei fysiske tilhøva, dei er meir enn gode nok til at det skal vere kvalitet i opplæringa.

Musikkavdelinga er den som står att, me ser fram til nye lyse lokale til dette føremålet. Arbeidet starta førre veke.

Ut frå resultata av nasjonale prøvar, elevundersøkinga og foreldreundersøkinga kan me sei noko om tilhøva ved skulen.

Nasjonale prøvar tek me i femte, åttande og niande klasse. Elevundersøkinga tek alle elevane frå femte og opp til og med tiande. 125 føresette har svart på foreldreundersøkinga, det er bra. Då har me eit representativt utval. Sjølvsagt ynskjer me svarprosenten blir endå høgre enn 62.

Det kjekke er at nasjonale prøvar som skal måle den enkelte elev si utvikling, syner at våre elevar gjer framsteg. Dei har ei positiv utvikling. Tysværvåg ligg i ikkje i Norgestoppen, men elevane gjer framsteg. Kvart år sidan me kunne måle på denne måten, gjer 9. klasse det betre enn året før. Likevel skal me ikkje underkjenne at tala for 5. klasse og 8. klasse i år var svakare enn ynskjeleg. Det gir oss motivasjon til å arbeide hardare.

graf

Elevundersøkinga viser at elevane er nøgd med skuledagen sin på fleire områder. Dei opplever god støtte frå læraren. Dei har framleis høg trivsel. Utfordringa er at tre av ti har låg motivasjon. Litt betre enn i fjor. Her kan de som foreldre utgjere ein forskjell. Framsnakk skulen og sei kor viktig det er med utdanning. Snakk gjerne om kva krav din jobb set til utdanning. Skulen er avhengig av eit nært og godt samarbeid med føresette, og at me har tiltru til kvarande. At me snakkar til og ikkje om kvarandre

Sju av ti opplever høg grad av mestring. Det er bra, men fem av ti klagar på dårleg arbeidsro. Det er dårlegare enn i fjor, så her må det gjerast ein jobb.

Det er gledeleg å sjå at helsesystertenesta er noko elevane er svært nøgde med. Fleire timar på skulen i nye fine lokaler gir høg score.

helsesyster

 

Mobbing har og betre tal enn i fjor. Ein som blir mobba er ein for mykje, men det er gledeleg å sjå at elevane meiner ting går rett veg.

Det som overraskar mest med elevane sine svar, er at dei meiner undervisninga er for lite relevant, variert og praktisk. Her har me jobba målretta dei siste åra, men får eit tilbakeslag i år. Dette må me sjå på.

Foreldreundersøkinga og elevundersøkinga er stort sett positiv lesing og det er kjekt å registrera at de som brukarar er tilfreds med dei fysiske tilhøva ute og inne. Foreldre og elevar er einige på dei områda eg har problematisert.

Når det kjem til mobbing er det alt for få foreldre som seier at me handsamar mobbing på ein god måte. Her har eg som rektor og me som skule ein jobb å gjere. Tala var ikkje gode i fjor og er dårlegare i år. Berre halvparten av dykk er heilt eller delvis einig i at me handsamar mobbing på ein god måte.

Eg ber av heile mitt hjarte om at du må ta kontakt viss du ikkje får den hjelpa du treng. Me må vite for å kunne hjelpe. Me tek problemet på alvor og har etter kvart laga oss gode rutinar på korleis me skal førebygge, avdekke og stoppa mobbing. Desse rutinane må me gjere kjent for dykk.

Trass dette, kjenner på ein positiv driv på skulen vår. Me èr i flytsona. Elevane, dei tilsette og føresette spelar på lag slik eg kjenner det, og då blir me gode.

Av natur blir eg fort lei rutinearbeid og kvardagar. Eg likar at ting skjer og at kvar dag gir meining. Det voner eg me er blitt betre på å visa elevane.

Me skal jobbe systematisk for at skuledagen blir meir praktisk, relevant, variert og motiverande.

Tysværskulen skal arbeide etter ein ny visjon. Me skal utdanna elevane til livsmestring gjennom fylgjande visjon; Inspirere elevane til å fokusere på eige læringspotensiale, gjennom relevant,  variert og utfordrande undervisning kjenneteikna av deling og bruk av digitale verktøy.

Dette arbeidet har nett starta.

Det har vore mange kjekke og gode opplevingar dette året og eg vil nemne nokre.

At me fekk starta med iPad i 1. – 3.  klasse har vore spanande. At kvar elev frå 4. – 10. klasse har sin personlege pc gjer at elevane sparer mykje tid til pålogging og dei har til ei kvar tid pc tilgjengeleg. Det at alle elevane har god tilgang på teknologi gjer satsinga meir felles, og det er eg glad for. Eg trur ei satsing på nettbrett og pc er framtidsretta og smart. Me må berre nytta det rett.

Skulen er med i to internasjonale prosjekt. Eg har tru på at samarbeid med lærarar og elevar i andre land vil vere motiverande for oss. Det er alltid noko å læra av andre. Det nordiske samarbeidet som òg inkluderer elevutveksling er kjempespanande.

Joggedagen er som dykk veit eit høgdepunkt for meg. I år blei eg pressa ut av pallen og syns eigentleg at der var heilt greitt. Greitt å ha eit mål med treninga. Gledeleg var det òg at innsamlinga til slumborna i India gav over 30 000 kroner. Det monnar for dei som har lite frå før.

At me for fjerde gong samle alle elevane i gymnastikksalen til juleavslutning er òg med på å byggje relasjonar. Det er ei super stund der me vaksne og borna kosar oss, og ler saman. At me i forkant har fått ei fin stund i kyrkja er og ein tradisjon eg meiner det er rett å bringe vidare.

Nasjonalt tilsyn har òg vore ein del av kvardagen i år. Skulen har vore gjennom eit nasjonalt tilsyn som Fylkesmannen gjennomførte. Det omhandla skolen sitt arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa og skolebasert vurdering. Eit omfattande og krevjande arbeid. Då er det gledeleg å høyre at det ikkje er grunnlag for pålegg om å endre rutinar. Alt er lovmessig i orden og rutinane gode. Endeleg rapport er ikkje klar, men den kjem på nyåret.  Ser fram til å vise dykk den.

Snakkisen i adventstida har nok heilt klart vore Julemysteriet og den mystiske pingvinen. Ein strålande ide, flott gjennomført av kreative lærarar. Samlande for skulen. At nokre elevar blei i overkant redde, gjorde oss usikre, men eg er glad det blei fullført. Korleis toppe dette til neste jul??

Eg ser at denne helsinga ber preg av at kvardagane ikkje blir nemnd, dei må me ikkje gløyme. Det er flest kvardagar og dei tilsette gjer ein kjempejobb. Me er ein skule der alle dreg lasset saman og ynskjer det beste for ungane. Så vil det alltid vere slik at både vaksne og born har ulike dagar, men målet er at alle skal ha flest dagar med solskin. At det å vere vaksen og elev ved skulen skal vere helsefremjande og kjekt, samstundes som ein oppnår dei måla som er sett for opplæringa. Eg er stolt over alle på Tysværvåg.

Til slutt. Gi ungane ein klem, og sei kor flotte dei er. Me er utruleg heldige så får låna dei, og vere med å forme dei. Ingenting gir meir energi enn å gå ein tur i skulegarden å sjå alle dei opne og glade andleta som sutlaust spring rundt i leik.

Ha ei fredfull jul, og så  ynskjer eg alle eit strålande 2018😊

Med venleg helsing

Geir