004

Eg vil ønske alle ei riktig god helg. Det har vært ei flott veke med valdebatt, felles samling i gymsalen der me hadde besøk av Hassan og Aghele som fortalde om livet på flukt. Historier som rørte vaksne og born.

Arbeidet med det store spørsmålet er godt i gang og demokrati er spørsmålet i september.

Eg meiner ei viktig oppgåve er å syne elevane kor heldige me er som bur i et av verdas mest velutvikla demokrati, med utrulig gode levekår og velferdsordningar.

I dag har 1. klasse fått heim iPadane sine og 3. klasse får dei heim på måndag.

Nå har alle elevane eigen iPad eller pc. Me er overtydde om at det vil gi læringa ein ny dimensjon. 

God helg og godt val på måndag.

Med venleg helsing

Geir