I dag vart det arrangert cup i fortball på Troppene mellom Frakkagjerd, Skjold og Tysværvåg, for jentene og gutane på ungdomssteget.

Begge laga gjorde ein flott innsats. Gutane spelte uavgjort 3 - 3 mot Frakkagjerd, og vann 3 - 0 mot Skjold skule. Dei går ikkje vidare, då Frakkagjerd hadde 3 fleire plussmål.

Jentene slo Skjold 2 - 1 og tapte for Frakkagjerd 1 - 4. Me ynskjer Frakkagjerd sine gutar og jenter lykke til vidare.

Takk til Tom Inge Håland og John Flengstad for flott dømming.

Kantine valfag hadde open kiosk, som var til stor glede:)

tbu2 Small

 

tbu Small