For at våre elevar skal vere best mogleg rusta til å møta dei utfordringane dei  vil møta i arbeidslivet, har ein kome til at ferdigheiter som blir viktige er desse:

 

Elevane må utvikle ulike måtar å tenkje på. Dei må utvikle evne til kreativitet, kritisk  tenking, problemløysning og korleis dei skal gjere kloke val. Dei må kunne nytte ulike arbeidsmåtar innan kommunikasjon, samarbeid og samhandling. Nytta ulik informasjons - og kommunikasjonsteknologi ( IKT ) og informasjonskompetanse.

 

For å nå desse måla har ein sagt at me må gå djupare i faga og på tvers av fag. Å gå djupare skaper vilkår for ein god progresjon i elevane sitt læringsarbeid. Elevane vil gradvis utvika si forståing av omgrep og samanhengar innanfor eit fagområde. Dei vil relatera ny kunnskap til tidlegare læring og erfaringar, og reflektera over eigen forståing. Ein motsetning er overflatelæring der eleven ikkje set kunnskapen i ein samanheng.

 

På Tysværvåg er me samde i at dette vil me prøva ut. Dette skuleåret vil me kvar månad ha eit stort spørsmål som alle elevane skal arbeide med. Me trur at det vil skape eit endå større fellesskap på skulen og elvane vil få gå i djupna på eit problem som tek opp i seg fleire fag.

 

I september er det store spørsmålet Kvifor har me demokrati i Noreg? 11. september 2017 er det Stortingsval. Kvifor er det ikkje ein sjølvsagt ting i alle land?

 

Som inspirasjon til arbeidet med dette vil 7. – 10. klasse får vere med på val-debatt på skulen på tysdag. Onsdag skal heile skulen samlast i gymnastikksalen ei kort stund om morgonen og høyre litt om korleis det er å vekse opp i eit land kor demokrati ikkje er like sjølvsagt.

 

Me har laga spørsmål for heile skuleåret og er kjempespente på korleis dette blir. Håpar og trur at elevane tek godt i mot dette.

 

 

Venleg helsing

 

Geir