nyinspektør

I morgon onsdag 28. september takkar Andreas Hauge for seg på Tysværvåg barne- og ungdomsskule.

Han gir seg etter 39 år i Tysvær kommune. Dei 28 siste på Tysværvåg og dei 14 siste som inspektør. Andreas tek med seg mykje meir enn dei 6000 filene han har sletta frå datamaskinen og den kontaineren med boss som er kasta. Andreas tek med seg ein mannsalder med taus kunnskap som mest truleg ikkje kan erstattast, men me får håpa me kan gjera ting omtrent lika godt i tida som kjem.

For alle på skulen har det vært trygt og godt med Andreas som ein kunnskapsrik og flink inspektør. Me vil sei tusen takk, og ynskjer deg lykke til som pensjonist. Me håper du finn vegen innom av og til.

Ruth Sjøen overtek etter Andreas. Ho starta opp 1. august og er allereie godt i gang. Ruth er 48 år og busett i Haugesund. Ho vil vere delt mellom Tysværvåg og Tysvær Utdanningsforbund fram til 1. oktober.

Ruth har to utdanningar. Ho blei fyrst kokk og jobba fleire år i bransjen. I 2001 var ho ferdig utdanna lærar og jobba som miljøterapeut og fagansvarleg ved Alvanuten personalbase, så på Bokn skule. I 2008 starta ho ved Grinde skule, der har ho vore til no. Det siste året var ho og hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet.

Me ser fram til å få nytte Ruth sin breie erfaring og veit at ho vil bli ein flott tilvekst til skulen. Mykje blir nytt, men med hennar pågangsmot og positivitet veit me at det vil gå fint.