Busstreiken

Det er framleis ingen kontakt mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.

Busstreiken har vore i gang i Oslo og Viken sidan søndag. No er også sjåførar i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark tekne ut i streik. Også Nordland, Agder og Møre og Romsdal er ramma.

Opptrappinga skjedde frå klokka 06.00 laurdag morgon. All busstrafikk i Rogaland er no lamma. Alle bussane til selskapet Kolumbus står over heile fylket. Også flybussane og kystbussen står.

Leiar i Transportarbeiderforeningen i Sør-Rogaland, Inge Vidar Lone seier streiken kan bli langvarig. – Sist gang det var busstreik, i 1998, varte streiken i fem og ei halv veke.

Kva betyr dette for Tysværvåg barne- og ungdomsskule?

Som me skreiv på heimesida før helga så vil det ikkje gå skulebussar i morgon. Me oppmodar alle til å syte for at elevane kjem seg til skulen. Tilrettelagt skuleskyss med taxi er ikkje råka av streiken.

Dei som må vere heime vil kunne arbeide med planar som blir lagt ut på Teams og Showbie. Lærarane er opptekne med undervisning og det avgrenser moglegheiten til å vere i kontakt med dei som må vere heime.

Me må løyse den krevande situasjonen på best mogleg måte og respektera streiken som er ein lovleg aksjon.

Eg vil oppdatere så snart eg veit meir, men det er framleis ikkje kontakt mellom partane og ingen nye oppdateringar i mediene sidan i går.

Kolumbus har eiga facebookside. https://m.facebook.com/kolumbus.no/

 

Beste helsing Geir