2

I dag gjekk joggeturen med ekstra lette steg, glad til sinns, stolt og kry for at eg får vere med verdas flottaste elevar, kollegar og føresette kvar arbeidsdag. Kvifor skal eg sei litt om no.

I fleire år har Tysvær kommune hatt samarbeid med Dr. Sara Bubb. Ho har drive leiarutvikling for leiarane i Tysværskulen. Ho var og med når alle tilsette på Tysværvåg var på studietur til London.

I går var Sara på Tysværvåg heile dagen grunna i at eit anna oppdrag blei avbrote.

Eg fekk førespurnaden på torsdag ettermiddag og løpet av ein halvtime hadde tre lærarar sagt ja til at ho kunne få vere i klassane. Me snekra saman eit program og tok mot Sara fredag morgon. Ikkje alle skular har tilsette med slik sjølvkjensle og tryggleik at det let seg gjere!

1

Dagen hennar starta i 5. klasse kor ho fekk vere med på ein time om istida. Elevane viste seg frå si beste side og Sara var mektig imponert over elevane og læraren sine leiareigenskaper og kontakt med elevane.

Så gjekk turen til 1. klasse kor ho fekk vere med på ein matematikk time og attendemeldingane her var dei same. Dyktig leiarskap, ivrige elevar og god atmosfære i klassen.

Til slutt fekk fleire av oss vere med å sjå Sara modellere ein time med 6. klasse. Her var heile timen på engelsk og elevane lærte å skrive dikt etter ein japansk modell kalla haiku. Dikta har tre liner med 5,7 og 5 stavingar. Tema for diktet var lauv og målet var blant anna og lære nye engelske ord.

4

5

Elevane tok oppmodinga på strak arm og gjorde ein imponerande jobb.

Til slutt fekk lærarane attendemeldingar frå Sara og ord som blei brukt var brilliant, excellent, outstanding, talented og impressive. Dette gjorde jobben for tårekanalvaktane vanskeleg og at klumpen i halsen var på brestepunktet.

3

Kvifor skriv eg dette? Jo, for å minna kvarandre på at me alle er heldige som har så gode føresetnader for eit godt liv og at me må gripa dei med begge hendene. Me skal vere audmjuke og takksame for at me har trekt vinnarloddet og får bu i verdas beste velferdsstad med trygg demokratisk styring og gleda oss saman kvar dag. Samstundes er det viktig å heile tida motivera kvarandre til utviklig slik at me klarar dei utfordingane som kjem.

Til slutt nyttar eg høve til å ynskje alle ein super 17. mai og på førehand gratulera med dagen!

6