Velkomen!

anita

 

Tysværvåg har fått ny inspektør. Anita Vikse Westerlund kom til skulen i 2007. Ho kom til Tysvær kommune i 2004 og jobba litt på Førland, før ho hadde eit år i Nedstrand.

Anita har jobba på om lag alle klassesteg og er godt kjent med skulen. Ho kom frå verva som tillitsvald og sosiallærar og blir no ein del av leiinga.

Me er svært nøgde med at administrasjonen no er dekt opp og me er trygge på at valet av inspektør blir kjempebra.

Øyvind Fjellby overtek lærarstillinga til Anita ut skuleåret. Han er godt kjent med 4. klasse som Anita hadde mesteparten av stillinga i. Me er svært glade for at han blir med på laget.

Ser fram til vidare samarbeid og gode dagar med flotte kollegaer, supre elevar og samarbeidsorienterte føresatte:)