Kommunestyret har vedteke at det kan gjevast tilskott til tilsette i organisasjonar etter desse retningslinene:

Tilskott kan gjevast til alle typar tilsette i organisasjonar: t.d. dirigentar, trenarar, forretningsførarar, sekretærar, arbeidarar innan barne- og ungdomsarbeid når:

  • Arbeidaren er fullt tilsett i lokal organisasjon eller fleire lokale organisasjonar saman dvs. ikkje kretsledd eller ein organisasjon som dekker regionen.
  • Det føreligg skriftleg avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar om arbeidsoppgåver, løn o.l. og arbeidstilhøvet er registrert av det offentlege med omsyn til skatt o.l.
  • Stillinga gjeld primært arbeid med barn og unge inntil 19 år, men organisasjonar der vaksne og unge er saman , bør og kunne nytta seg av dette tilbodet.

Storleik på tilskottet vert avgjort av kulturstyret på grunnlag av søknad. Målet er å kunna yta tilskott på minst 50 % av lønn inkl. sos. utgifter og feriepengar, men kulturstyret står fritt avhengig av søknadsmengde og budsjett.

Ein reknar ikkje reisegodtgjersle som grunnlag for utrekning av tilskott.

Søknadsfrist: 1. april

pdf Tilskott til organisasjonstilsette