Kulturstipend

Søknadsfrist 30. oktober 2020

Tysvær kommune kan kvart år dela ut eit kulturstipend til kulturarbeidarar som arbeider i /med tilknytning til kommunen. I særskilte tilfelle kan stipend og delast ut til lag/organisasjonar.

Den som søkjer kulturstipendet skal forutan å gje opplysningar om vanlege personalia, samstundes gje eit oversyn over målet med stipendet, korleis det er tenkt nytta.

Søknad sendes på epost Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og skal merkast søknad kulturstipend

 

Kulturpris

1. Tysvær oppvekst- og kulturutval kan kvart anna år dela ut ein kulturpris. Prisen skal vera ei påskjøning til ein person eller eit  lag som har gjort ein særleg verdfull innsats på kulturområdet i Tysvær. 2. Kulturprisen er ei pengegåve. Utvalet fastset storleiken på kulturprisen. Beløpet vert å ta av budsjetterte midlar for generelt tilskott til kulturelle formål. Med prisen følgjer eit diplom. 3. Oppvekst- og kulturutvalet avgjer kven som skal få prisen. Om utvalet ønskjer det, kan dei be om framlegg frå lag/ organisasjonar m.v.

 

Byggeskikkpris

1. For å motivera til auka innsats og større forståing for bygningsvern i Tysvær kommune vert det oppretta ein byggeskikkpris som kan delast ut anna kvart år, første gong i 1990 då den blei kall kulturvernpris. 2. Byggeskikkprisen består av ein pengesum lik kulturprisen. Denne vert fastsett i budsjettet etter forslag frå kulturstyret. Saman med pengesummen følgjer eit diplom. 3. Prisen vert delt ut til den eller dei som på ein god måte har tatt vare på eldre bygningar og bygningsmiljø, eller som ved nybygg har tilpassa huset til lokal byggeskikk og eksisterande miljø. 4. Fagjury består av 5 personar: 1 medlem frå oppvekst- og kulturutvalet, 1 medlem frå bygningsrådet, 1 konservator og 1 arkitekt. Kultursjefen er medlem og sekretær for juryen. Etter innstillinga frå fagjuryen tildeler kulturstyret prisen. Val av fagjury gjeld for kommunestyreperioden. 5. Forslag til kandidat kan koma frå einskildpersonar eller organisasjonar. Framlegget bør vera grunngjeve. Frist for innsending av forslag vert kunngjort i avisene.