Alle lag og foreiningar som driv aktivitet for barn og unge i Tysvær kommune kan søkje om kulturmidlar. Kulturmidlar er ein årleg driftsstøtte til lag og foreiningar i kommunen.

Kulturmidlar er delt opp i følgjande kategoriar:

- Idrettslag
- Ungdomslag
- Song og musikk
- Barnelag og søndagsskular
- Forsamlingslokale
- Andre lag / interkommunale lag

Formålet med tilskottsordninga er å stimulera til aktivitet for barn og unge i dei friviljuge lag og organisasjonane i Tysvær kommune. Dvs at det er berre lag og foreiningar som driv aktivitet for barn og unge som kan søke om kulturmidlar frå Tysvær kommune (einaste unntak er pensjonistlag)

Kven kan søkje?

- Alle opne organisasjonar som ikkje stenger ute grupper eller einskildpersonar pga religion, etnisk bakgrunn eller politisk syn.
- Organisasjonane må ha adresse og drive sin verksemd i Tysvær kommune.
- Interkommunale lag kan få støtte dersom ein vesentleg del av deira medlem er busett i Tysvær kommune.
- Berre hovudlaget i ein organisasjon kan søke.
- Organisasjonen må kunne dokumentere minst 10 medlem og legge fram medlemsliste dersom kulturkontoret ønsker det.

Søknad om tilskott må inneheld:

- Laget sitt namn, adresse, kontaktperson, telefonnummer og kontonummer
- Årsmelding frå fjoråret
- Revidert rekneskap frå fjoråret
- Oversikt over medlem og aktivitet
- Søknaden må vere underskriven

Søknadsfrist er 1. mars!

For seint innleverte og ufullstendige søknader kan risikere å bli avslått.