Investeringstilskott for kulturanlegg

Slik stønad kan ytast til nyanlegg, vedlikehald og investering. Med anlegg meiner ein m.a. idrettsplassar og hallar, samfunnshus, møtelokale, bedehus, lagshytter, leikeplassar o.l.

Tilskottet kan gjevast til alle typar kulturanlegg. Det kan søkjast tilskott til nyanlegg, vedlikehald av eldre anlegg og investeringar i eksisterande anlegg. Normalt vil tilskottsordningane berre gjelda kulturanlegg, der ikkje andre og spesielle stønadsordningar frå stat og fylkeskommune gjeld. Likevel vil det kunna ytast eit avpassa tilskott til slike anlegg.

Føresetnaden er at nye anlegg vert planlagde og utførde slik at dei kan nyttast av funksjonshemma. Ved utbedring av gamle anlegg, må ein ta omsyn til dette så langt det let seg gjera.

Med søknaden om tilskott bør det følgja:

  • Opplysning om styringsfunksjon av anlegget
  • Opplysning om bruken/ brukarane
  • Finansieringsplan
  • Årsrekneskap for anlegget
  • Teikning av anlegget (nyanlegg)
  • Om mogleg: Framtidsplanar med anlegget både med omsyn til bruk og finansiering.

Eit evt. tilskott kan ytast inntil 15% av samla kostnader (matr. kostn., leigehjelp, dugnad).

Innkomne søknader vil verta behandla under eitt i oppvekst- og kulturutvalet og sendt formannskapet/kommunestyret til endeleg avgjerd (følgjer budsjett-handsaminga).

Kontaktperson:
Idrettskonsulent Geir Stakkestad
Telefon: 52 75 75 57

Søknadsfrist: 1. april