Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkja utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn.

Attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn kan få tilskot i etterkant av bondens dødsfall.

Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing. Det er krav til bondens næringsinntekt frå jordbruk- eller gartneri. I tilskotet skal det gjerast frådrag for dei inntektene den avløyste hadde, eller kunne ha hatt, i søknadsperioden.

Søknadsfristen er eitt år etter siste dag i den perioden det vert søkt tilskot for.

Tilskot til sjukdomsavløysing søkjer du på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider.