Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) handlar om å gjennomføra miljøtiltak utover det som forventast av vanleg jordbruksdrift. Formålet med SMIL er å fremja natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusera forureininga frå jordbruket.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket søkjer du på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

Søknadsfrist i Tysvær og Haugesund er 1. mars og 20. august.

Ta kontakt med kommunen ved spørsmål om ordninga. Les meir om SMIL her

Får du innvilga tilskot, vert pengene først utbetalt etter skriftleg oppmoding. Oppmodinga registreres digitalt av søkjaren via Altinn.

Her finn du informasjon og rettleiing på korleis du enkelt kan registrera utbetalingsanmodning på nett.

Ny strategi

Det er utarbeida ein ny strategi for tildeling av SMIL-tilskot i Tysvær og Haugesund kommune for 2020-2023: strategi for tilskudd til spesielle miljøtiltak