Miljøprogramma skal fremja særskilte miljømål i jordbruket:

  • redusera forureining til vatn og luft
  • ta vare på kulturlandskap og kulturminne
  • leggja til rette for friluftsliv
  • ta vare på biologisk mangfald

Alle landbruksføretak kan søkja tilskot for å gjera miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføra. Tiltaka blir bestemt ut i frå kva Fylkesmannen ser på som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. I Rogaland kan ein søkja regionalt miljøtilskot frå 15. september til 15. oktober. 

Regionalt miljøtilskot søkjer du på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

Les meir om tilskot til miljøtiltak på fylkesmannen i Rogaland sine nettsider.