Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkja om tilskot til drenering. Det kan òg gis tilskot til eigar av jordbruksareal som leigast ut. For planerte areal kan det i tillegg gis tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta. 

Tilskot til drenering av jordbruksjord søkjer du på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

Utbetalingsanmodning registreres via Altinn.
Skjema for anmodning om utbetaling finn du her.

Statleg tilskot: Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan det gis 30 kroner per løpemeter grøft avgrensa til 2 000 kroner per dekar.

Kommunalt tilskot: Det er for tida ingen tilgjengelige kommunale middel til drenering av jordbruksjord. Det er venteliste på utbetaling av tidlegare innvilga tilskot. For tida blir det derfor ikkje innvilga nye kommunale tilskot til drenering av jordbruksjord.

Les meir om tilskot til drenering på Landbruksdirektoratet sine nettsider.