Teknisk utval har i samsvar med føringar i lover og forskrifter og lokale målsettingar og vedtak, ansvar for utvikling og oppfølging av kommunale tenester på arealplan-, utbyggings-, kommunalteknikk-, landbruks- og miljøområdet.  

Utvalet behandlar alle arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover. Utvalet har ansvar for planlegging og utbygging av arealrelatert infrastruktur, planlegging og gjennomføring av kommunale byggeprosjekt og oppgåver innan bygningsmessig forvaltning og drift.

Utvalet rapporterer direkte til kommunestyret, men saker med økonomisk konsekvens for kommunen går til formannsskapet og evt. vidare til kommunestyret.

Utvalet avgjer, som 1. instans, dei sakene innan ovannemnde ansvarsområde, der avgjerdsrett ikkje er delegert til rådmannen eller gjennom særlov til fagperson.

Utvalet har som særlovsorgan etter plan- og bygningslova også mynde som underinstans til å behandle enkeltvedtak som er fatta av rådmannen og som blir påklaga. 

Du finn utfyllande informasjon om teknisk utval sine oppgåver og ansvar i Delegeringsreglementet og Reglement for kommunestyret og politiske utval.

 

Medlemmer i teknisk utval i perioden 2019 - 2023:

Henry Edgar Sørensen    Arbeiderpartiet Leder 412 46 642
Hilde Kalleklev Håland Senterpartiet Nestleder     982 42 214
Nils Stråtveit Arbeiderpartiet Medlem 932 16 632
Merita Øvrebø Senterpartiet Medlem 928 43 451
Anna Henriette Eikje Kristelig Folkeparti Medlem 926 16 517
Kristian Valle Høie Kristelig Folkeparti Medlem 938 43 419
Trygve Hebnes Høyre Medlem 483 04 730
Anne Haraldseid Høyre Medlem 982 99 440
Øyvind Hellerslien Fremskrittspartiet    Medlem 917 77 440