Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret stå for det løpande tilsynet med forvaltninga, under dette sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Kontrollutvalet skil seg i stor grad frå andre kommunale styre, råd og utval då utvalet ikkje skal drive politisk verksemd, og heller ikkje skal overprøve politiske prioriteringar gjort av andre folkevalte organ.

Kontrollutvalet skal medverka til å sikre at det er allmenn tillit til at kommunen sine oppgåver vert løyste på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Utvalet skal bl.a. sjå etter at:

  • kommunen brukar ressursar til å løyse oppgåver som er i samsvar med kommunestyret sitt vedtak og føresetnad,
  • kommunen sin ressursbruk er effektiv når det gjeld dei mål som er sett på området,
  • lov og reglar vert etterlevd i den kommunale forvaltninga,
  • kommunen sitt styringsverktøy er hensiktsmessige,
  • resultata i tenesteproduksjonen er i tråd med kommunestyret sin føresetnad
  • kommunen sin årsrekneskap vert revidert på ein trygg måte.

Ved å trykke her finn du møtedatoar, sakslister og protkollar for kontrollutvalet

Medlemmer i kontrollutvalet i perioden 2015 - 2019:

Arne Gjerde Høyre Leder 952 02 153
Øyvind Hellerslien Fremskrittspartiet     Nestleder 917 77 440
Linda Bokn Venstre Medlem  
Åse Paulsen Arbeiderpartiet Medlem  
Karsten Arne Larsen     Fremskrittspartiet Medlem