Det er med stor glede eg kan ynskje alle velkommen til nytt skuleår. Eg håpar alle har kost seg og hatt ein kjekke ferie. Eg er i gong på kontoret med jobben som rektor på Straumen skule. Dette er ei oppgåve eg har stor respekt for og tykkjer er veldig spanande. No gler meg veldig til å kjent med alle elevane og føresette.

 

 

Motivasjonen min for rektorjobben er å vere med å skapa ein elevsentrert skule, der kvar einskilt elev får oppleva mestring og glede. Med mestring tenkjer eg både fagleg og sosial mestring. Saman med føresette og støttetenestene skal me på Straumen skule vere der for elevane våre og gje dei Læring for livsmestring.

 

Som skule har me ansvar for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. For å bli enda betre på dette skal me, og fleire andre skular i Tysvær, delta på kurset «Inkluderande barnehage og skulemiljø» i regi av Fylkesmannen. De som føresette må ikkje vere redde for å ta kontakt med meg eller andre på skulen om det skulle vere noko.

 

Koronasituasjonen vil prege skulekvardagen dette skuleåret også. Heldigvis hausta skulen mange gode erfaringar i vår me kan ta med oss vidare dette skuleåret. Ved skulestart skal me jobba etter gult nivå, men me må vere budd på at dette kan endra seg. Gult nivå betyr at me jobbar på same måte som før ferien, med mykje fokus på smitteverntiltak. Me ber om at elevar som har symptom eller er sjuke, er heime frå skulen.

 

På måndag møter elevane utanfor skulen, og lærarane er klare og tek imot dei.

 

Eg og resten av personalet gler oss til måndag og ynskjer alle elevane hjerteleg velkommen.

 

 

Beste helsing

 

Harald Heien

Rektor