Rektor Morten og alle vaksne på Straumen skule helsar

Kjære alle saman!

I Tysvær er me gode på dugnad, og det er noko alle veit.  No er me i gong med den viktigaste dugnaden i manns minne! Me har ikkje oversikt over korleis dei neste vekene blir, men me skal få det til, saman, slik me pleier.

Ei stund framover får elevane ikkje delta på nokre av dei viktigaste arenaene i liva sine. Skulen er stengt, dei kan ikkje vera med venner og alle fritidsaktiviteter er utsett. Det kan bli krevjande både for elevar og føresette. Difor blir det særs viktig at me vaksne tar ansvar for å sikra både trivsel, meistring og glede for borna våre, først og fremst saman med familien.

Fredag sat lærarane på kvar sin stad og gav opplæring til elevane. Me er allereie godt i gong! Fantastisk! Elevane skal ha heimeskule via PC og nettbrett, kvar dag, frå måndag til fredag.

Skulen nyttar digitale kanalar til informasjon og kommunikasjon med elevane. Kontaktlærarane gir melding om kva kanalar som skal nyttast. Lærarane vil gjera sitt aller beste for å gi elevane god opplæring!  Hugs at det er heilt nytt for lærarane og, det å berre ha kontakt med elevane via nettet.

No må me konsentrera oss om det aller viktigaste. Om kommunikasjonen blir vanskeleg i periodar, kan elevane alltid bruka tid på å lesa, øva på rettskriving og rekna oppgåver. Og speak gjerne litt english heime!

Henting av bøker/utstyr
Grunna smittefare har me fått restriksjonar frå kommuneleiinga når det gjeld å sleppa folk inn på skulen. Ta kontakt med administrasjonen om du absolutt treng å henta noko, så ordnar me det i løpet av veka.

Kontakt med skulen

Kontakt- og timelærarar er tilgjengelege i dei avtala kanalane i ordinær arbeidstid.
De kan i tillegg nå administrasjonen pr. telefon i same tidsrom. Ved akutte behov er det sjølvsagt greitt å ta kontakt utanom denne tida.

Rektor Morten: 90 20 46 01
Merkantil Marit: 47 33 11 45/ 52 75 82 63

Praktisk informasjon om skulekvardagen

Elevar som er heime skal gjennomføra digital opplæring. Arbeidsdagen startar for lærarane kl 08:30 og fram til klokka 09:00 vert oppmøte i klassane registrert. Skuledagen startar for elevane kl 09:00 og då planlegg lærar og elev på dagen saman.

Alle elevar skal kontaktast kvar dag, slik at vi sikrar at dei er pålogga og klare for «skuleøkta». Lærarane avtaler kva verktøy (Showbie, Teams, It’s learning, Visma, mail) dei bruker for å kommunisere med klassen.

Elever som er på skulen

Skulen skal sørge for eit tilbod til barn av personell med kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særlege omsorgsbehov. (Les meir om ordninga her). NB! Det er fokus på minimal kontakt med kvarandre nå, så viktig at me alle gjer vårt ytterste for å følgje dette. Me omgi oss med minst muleg andre folk i denne perioden. Elevar som er på skulen skal i størst mogleg grad delta i same undervisningsopplegg som elevane som er heime. Alternativt eit tilsvarande opplegg.
NB2! Hald deg heime ved minste symptom på forkjøling, er siste beskjed frå Folkehelseinstituttet.

Arbeidsøkter

Den enkelte lærar avtalar arbeidsøkter og organisering med sin klasse. Kvar skule har eigen ramme for elevane på sin skule. Dette kan være start-/ sluttider, tidspunkt for innleveringar og kontakt med lærar, timeplan og fag. Vanleg timeplan, fag, start- og sluttidspunkt er utgangspunkt for dagen til elevar og lærarar.

Anbefalt hovudramme for skulane er slik:

  • 1.-4. trinn: to klokketimar arbeid (60 min) kvar dag, delt inn i tre økter:            
    • Arbeidsøkt
    • Økt med fysisk aktivitet/leik/
    • Arbeidsøkt – gjerne med fokus på lesing og innleveringsarbeid.
  • 5.-7. trinn: tre klokketimar arbeid (60 min) kvar dag, delt inn i økter etter avtale med lærar
  • 8.-10.trinn: to økter på 90 min kvar dag, delt inn i økter etter avtale med lærar

Vi gjer dette saman (tips til heimeskule)

Det er lurt å dela dagen inn i faste rutinar:

  • Ei tid for å gjere skulearbeid -  det er ikkje ferie
  • Ei tid for å eta saman
  • Ei tid for å leike, ha pause
  •  

Føresette har nokre plikter:

  • Følgja opp skulearbeid til ungane sine, kvar dag
  • Gi beskjed om elevar er sjuke og om dei er i karantene


Ver merksame på:

  • At borna treng å snakka om det som skjer no, det kan vera skremmande
  • At borna kan kjenna seg einsame når ein ikkje kan treffa andre på skulen
  • At me alle kan bli ekstra irriterte eller sinte utan at me heilt veit kvifor

Moglegheiter:

  • Gå turar saman, vera ute i naturen, om de ikkje er i isolat
  • Ha husarbeid på timeplanen, laga mat, rydda og vaska i saman
  • Spel spel saman
  • Ringa/Skype/Facetime til kvarandre
  • Kjenner du nokon som har det vanskeleg - ta kontakt då vel J


Det er ikkje lov til å ta på kvarandre,
men vi må ta vare på kvarandre,
seier statsminister Erna Solberg.
Hugs god handhygiene
!

Hald ut! Me gleder oss masse til å sjå alle på skulen igjen når dette er over!

Vennleg helsing, rektor Morten og alle vaksne på Straumen skule