Me gler oss til å sjå elevane på 1.-4.tr igjen! Noko blir akkurat slik det var, men mykje vil vera annleis.

Me har fått detaljerte rettleiar frå sentralt hald. Desse har skulane i Tysvær jobba godt for å få på plass til start, i tett samarbeid med skulesjefen. 
Korleis rutinar, tiltak og organisering blir for Straumen skule kan du lese meir om på dei neste sidene.

Først til dykk med elevar på 1.-4.tr.
Det blir vanlege start- og sluttider på skule- og SFO-tilbodet, men innhaldet og korleis dagen er organisert vil vere annleis enn det ein er vant til. Det beste er om elevane kjem til skulen så nært opp mot kl. 0845 som muleg. Ein blir råda om at ein helst ikkje skal ta buss eller fellestransport, men at ein går eller føresette leverer og hentar. Er ein på skulen før det ringjer inn om morgonen så har kvar klasse sitt område å vere i. Les meir om dette på side 10 i vedlegget. Vaksne vil også vere ute og hjelp til.
Det første ein gjer når ein skal inn på skulen er å gjere hendene reine. Det vil bli mykje handvask i løpet av dagen. Me må vere nøye med reinhald og hygiene. Fint om ein øver på dette før ein kjem. Me skal halde oss saman med dei i same klasse. Klassane kjem til å ha friminutt på ulike tider og halde seg på kvart sitt område. Elevane vil ha sin faste pult. Pultane vil stå ein og ein, fordi me må vere flinke til å halde avstand frå kvarandre. Det gjeld også ute. Det vil bli mykje utetid. Både i skulen, i friminutta og SFO. Ha klede etter véret. Føler ein seg litt sjuk, må ein ikkje komme på skulen. Og blir ein sjuk må ein vere heime minst ein dag etter at ein er blitt symptomfri. Alt dette blir litt annleis enn før, men me håpar og trur at dette skal bli bra – og gleder oss veldig til å sjå dei supre Straumen-borna på skulen og SFO igjen! :) 
Det blir ikkje lekser første veka. Lærarane vil elles gi meir praktisk info etter kvart.

Vedlegg: Organisering av Straumen skule frå og med veke 18

Til dykk med elevar på 5.-7.trinn så vil me fortsetje med det same fjernundervisningstilbodet som me har hatt sidan 13. mars. Håper de held ut litt til. At me klarar å fortsetje trenden med at det er færre og færre smittetilfelle i samfunnet, slik at alle elevane snart kan vere tilbake på Straumen skule. Det jobbar me mot nå. Imens; fortsett den gode jobben de gjer med skulearbeidet. Og tusen takk til føresette og lærarar som held humør og motivasjonen opp med god oppfølgjing og innsats!

På dei neste sidene vil du lese korleis me skal leggje til rette for skuledagane som kjem når me nå opnar skulen. Vil ein ha meir informasjon så vil det alltid vere oppdatert på kommunen sin nettside:
https://www.tysver.kommune.no/skule-og-utdanning/aktuelt/test-sliders#informasjon-til-foreldre-om-skolestenging

 

Med vennleg helsing
Tilsette på Straumen skule v/ Morten Salvesen, rektor