Etter at Ingolf  Helleland har sagt opp stillinga som rektor og byrjer i ny jobb i Haugesund kommune frå hausten av, er det Morten Salvesen som kjem inn som vikar i rektorstolen til  ny rektor er på plass.

Stillinga vert lyst ut i august, og ein reknar med å ha ny rektor på plass i løpet av hausten. Morten har lang erfaring som inspektør ved Førre skule og har vikariert i rektorrolla både på Straumen og på Førland. Morten er kjend for personalet og for elevane, slik at dette bør gå godt. Noverande rektor takkar for seg, og ynskjer skulen og den nye rektoren lukke til med arbeidet i haust!