Då er me godt i gong med skuleåret. Heile personalet er veldig glade for å sjå alle dei kjekke elevane våre igjen.

På grunn av smittevernomsyn har Tysvær kommune bestemt at det berre vert klasseforelderemøte i fyrste klasse. Me ynskjer ikkje samla mange personar i skulen sine lokale.

Kontaktlærarane gjer alt dei kan for å halda foreldre/ føresette informert. Me legg også ut viktig informasjon på skulen si nettside. På Facebook-sida til skulen kjem det også innlegg frå tid til annan.

Eg ber alle ta kontakt med skulen om det er noko de lurer på.

Harald Heien

-rektor