Servicetorget er Tysvær kommune sitt kontaktledd mot innbyggjarane. I tillegg til saks- og kundebehandling er sentralbordtenesta og turistinformasjonen lagt til Servicetorget. I sommarsesongen, frå juni til august, er turistinformasjonen bemanna med eigne turistvertar.

Servicetorget tilbyr fylgjande kommunale tenester:

  • Tek imot henvendelsar til kommunen per telefon, e-post og personleg frammøte
  • Rettleiar ved alle typar søknader
  • Sentralbordteneste
  • Heilårleg Turistinformasjon, med utvida bemanning med turistvert på sommarstid
  • Rettleiing og registering av Bustøtte
  • Rettleiing og behandling av søknader om Startlån
  • Behandlar søknader om tilskott il tilpasning av eigen bustad
  • Rettleiing i bygg og delesaker og oppmåling, samt kommunale planverk
  • Kontrollerer innkomne søknader bygge/delesak
  • Rettleier vedrørande spørsmål om eigedom, kart og planverk
  • Saksbehandlar saker etter § 20.2 i Plan- og bygningslova
  • Tek ut nabolister, kart og reguleringsplanar på etterspørsel
  • Signerer søknader om konsesjonsfritak
  • Gir informasjon om byggjefelt, eksisterande og nye planar
  • Ansvar for tomtesal/ tilbakekjøp av kommunale tomter
  • Gir informasjon om kommunale avgifter/gebyr
  • Infoland-sal av eigedomsinformasjon til meglarar
  • Matrikkelføring
  • Utvalgssekretariat for teknisk utvalg
  • Arkiv
  • Postmottak
  • Saksbehandlar søknader om parkeringskort for forflytningshemma
  • Oversikt over barnehagar, prisar og ledige plassar
  • Rettleiar ved søknad om barnehageplass
  • Utleige av leirstadene Sandbekken og Svebakken
  • Ansvar for utleige av møterom på Rådhuset
  • Utleige av kanopakke til skular og lag/foreiningar
  • Fordeler tilskott til Trus- og livssynssamfunn i tråd med sentrale direktiv
  • Sal av matavfallsposar og søppelsekkar
  • Sender ut velkomstmapper til nytilflytta i kommunen
  • Rettleier ved søknad på stillingar i Tysvær kommune
  • Informasjon til innbyggjarar og andre via kommunen si nettside
  • Har generell kunnskap om dei ulike resultatområda, og formidlar kontakt til rette vedkomande i saker der Servicetorget ikkje kan hjelpe
  • Diverse interne støttetenester

Kontakt oss

Servicetorget  
Tysvær kommune 
Postboks 94 
5570 AKSDAL 

Telefon: 52 75 70 00
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 

Opningstider:  Måndag - fredag 08.00 - 15.30