Eldre og uføre busett i Tysvær kommune kan søkja om tildeling av legatmidlar som skriv seg frå følgjande legater: Samson Høllands legat, Nils Hess Klingenbergs legat, LouiseStolt-Nielsens Legat og Lars og Torborg Melkevigs legat.

Kva kan eg søkja om?

Det kan søkjast om midlar til tiltak som kan gjera det lettare for eldre og uføre å klara seg sjølv, anten det er i eigen heim eller ved opphald i kommunen sine institusjonar. Einskildpersonar som ikkje høyrer til gruppa eldre og uføre, kan og søkja om midlar til tiltak for å koma over ein vanskeleg livssituasjon.

Kriterium/vilkår:

I søknaden må det opplysast om kva tiltak ein søkjer midlar til og kva kostnaden blir. Det må også leggjast ved dokumentasjon på inntekt/økonomisk situasjon.

Slik søker du:

Legatet blir utlyst årleg om hausten med eigen søknadsfrist.

Søknad skal sendas til:
Legatstyret, Legat for eldre og uføre i Tysvær kommune
v/ Helse- og førebyggingssjef Jorid Vea Isdahl
Tysvær kommune

Post: Postboks 94,  5575 Aksdal
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kontakt: 

Er det behov for ytterlegare opplysningar om legatet kan ein kontakta Helse- og førebyggingssjef Jorid Vea Isdahl, tlf. 52 75 86 31.

Samtykkeerklæring:

pdf 16 farge Skjema for samtykkeerklæring