Tysværskreppå – Den kulturelle skulesekken i Tysvær 

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal medverka til at alle elevar i grunnskolen får møta profesjonelt kunst og kultur av alle slag. Kunststilboda skal vera av høg kvalitet og visa heile breidda av kulturutrykk som scenekunst, visuell kunst, musikk, film, litteratur og kulturarv.

I Tysvær kallar vi den kulturelle skulesekken for Tysværskreppå. Tysværskreppå skal være forankra i gjeldane læreplaner for skulane. Den kulturelle skulesekken har vore ein del av regjeringa si kulturpolitiske satsing for grunnskulen sidan 2001. I Læreplanens generelle del heter det at elevane skal møte kunst og kulturformer som stimulerer deira kreativitet og nyskapande evner og gis mogligheita til å bruke desse skapande evnene gjennom ulike aktiviteter og uttrykksformer. Tysværskreppå bidrar til dette.